Søte og merkelige greier

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Men monarkiet er også svært godt likt i Norge. Det kan ein sjølvsagt undre seg over til ein blir både sur og teoretisk, men la oss heller lansere endå ein teori om kvifor det er slik:

Kan det rett og slett vere at folk har behov for å vere søte av og til?

Ein kan meine mykje om folk, men folk er ikkje alltid søte. Slett ikkje.

Og ein kan meine mykje om monarkiet og dei kongelige, men du skal vere ganske vrang for å ikkje sjå at store kongelige hendingar får fram det søtaste i mange folk.

Når kongen fyller syttifem, så stiller folk seg i kø utanfor slottet, i februar, berre for å få skrive «gratulerer med dagen» i ei bok.

Det er rart. Veldig rart. Og litt søtt.

Og når nettaviser legg ut gratulasjonsprotokollar, skriv masse folk små helsingar til kongen. Nokon berre gratulerer med dagen. Nokon skriv at dei hugsar då dei sendte ei teikning til Harald for femti år sidan, på tjuefemårsdagen hans. Andre skriv sånt som: «Du er helt KONGE, Harald. Hilsen Chris (16)».

Det er også ganske søtt.

Og folk på gata blir intervjua i alle kanalar, og smiler og syng bursdagssongar.

Folk på gata syng jo elles altfor lite.

Og når Sverige får ei ny prinsesse, så køyrer svenskane rundt i gatene i volvoane sine og tutar og vinkar til kvarandre. Og kjøper prinsessekaker og spretter sjampanjen og flaggar. Og dansar rundt ein kjepp, kjenner eg dei rett. Svenskar gjer slikt når dei feirar.

Og når Daniel møter journalistane og fotografane og seier at «mina känslor er all over the place», så er det ingen som kritiserer han og seier at han er eit dårlig forbilde for ungdommen i ei tid då det svenske språket er trua av engelsk påverknad.

Folk kjem sikkert til å gjere det om nokre dagar. Kanskje har dei allereie begynt. Men ikkje med ein gong.

Og svenske aviser har baby-spesial. Og svenskar på gata blir intervjua i alle kanalar, og smiler og seier at dei er kanskje ikkje varme tilhengarar av monarkiet sjølve, men dette er då berre hyggelig.

Og hoffreporteren Kjell Arne Totland, som tidligare har vore så skeptisk til folkeliggjeringa av kongefamilien at han har trua med å emigrere, han har tatt sveisen og stramma slipsknuten og er med i alle norske tv-program og snakkar blidt om kor stort alt dette er, og kor flott det er at monarkiet lever vidare og blir fylt med nytt og meir moderne innhald.

For det er det som skjer ved store kongelige høve. Folk ser plutselig stort på ting. I Sverige har det ikkje mangla på kongelige skandalar i det siste, men når prinsessa blir født er alt berre kaker og flagg.

Og i Norge er det sikkert mange som synest det er mykje som er rart med at vi har ein kongefamilie, og det er i alle fall mange som synest det er rart at vi har ei prinsesse som finn fjør overalt, men når det er jubileum så tenker folk at jojo, men sånn i det store og det heile så fungerer jo dette monarkiet bra.

Og det er jo søtt. Men: Vi tenker jo elles ikkje på den måten spesielt ofte?

Det er jo ikkje sånn at dersom ein politikar kan ha gjort ein feil, så tenker dei fleste av oss at jojo, men sånn i det store og det heile så fungerer jo dette demokratiet bra.

Det ville ikkje slått an dersom Audun Lysbakken prøvde å snu stemninga ved å spa fram ein fødande SV-ar og kalle inn til pressekonferanse klokka fire om natta for å vise kor lang den nyfødte er.

Og om nokon la ut ein gratulasjonsprotokoll til ein politikar, så er det mulig at folk ville stilt seg i kø, men ikkje for å skrive fine ting.

Så kanskje er det slik at folk har eit behov for å vere søte. Kanskje har alle ein dose søtheit i seg som må ut, på ein eller annan måte.

Og mange tek det ut på kongefamilien.

Viss vi ikkje hadde hatt ein kongefamilie, er det ikkje godt å vite kvar folk hadde gjort av søtheita si. Kanskje hadde folk begynt å klemme vilt framande? Kanskje hadde folk begynt å synge på gata heilt utan grunn. Kanskje hadde folk begynt å dukke opp på døra til familiar dei ikkje kjenner med kake for å gratulere med runde dagar og barnefødslar? Kanskje hadde folk begynt å sjå stort på politikarar som rotar? Kanskje hadde folk begynt å vifte med flagg utanfor rådhuset under kommunestyremøte? Kanskje ville dyra fått det? Kanskje ville norske kjæledyr fått ein overdose kos?

Det skulle tatt seg ut.

Stod på trykk først i Aftenposten 25. februar.