sju vardar

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

på biletet står to eldre karar, oppstilte frammom eit sognalandskap av kuperte jorde og bratte fjell. eg trur dei er søndagskledde, den største av dei har vest med lekkje og dei ser ikkje ut til å arbeide. eg veit eg vart fortalt ein gong kven dei var, men eg hugsar det ikkje.

dei kjem frå ei verd som ikkje finst lenger, bøndene som dyrka sjølve alt dei trong, akkurat som slektningane deira hadde gjort i utallige ætteledd bak dei. kanskje trudde dei at det kom til å vera slik i utallige ætteledd frametter òg. men for desse to karane var det knappast slik. kanskje ante dei det, kanskje ikkje, at to-tre generasjonar etter dei var alt snudd på hovudet. utdanning var tilgjengeleg for vanlegfolk, ungar fekk velja kva dei 'ville bli', ein kunne flytta ikring som ein ville, og som gamal laut ein vera takksam viss nokon av borni tok over garden.

inkje i verdi kan snu dette, den gamle bondekulturen kjem ikkje att. når folk fyrst har smakt fridom, vil dei aldri gje han frå seg, det seier seg sjølv. likevel ber eg han med meg, anten eg er på garden i lærdal eller på afternoon tea på picadilly. for alle som hadde blodet mitt før meg var bønder, fire besteforeldre, åtte oldeforeldre, seksten tippoldeforeldre og den arven greier eg ikkje å bli kvitt.

fyrste gongen eg vart interessert i biletet var det nok på grunn av den komiske effekten som fylgje av at den eine karen er høg med stor mage og den andre liten og sped, som om dei var på karneval, utkledde som asterix og obelix. etter kvart som eg flytta ut og til oslo og vart meir og meir bykar og mindre og mindre bondegut, fekk det ein annan funksjon. når eg er innom hjå bestefar min no, og ser biletet, blir eg mint på kva slags folk det er eg kjem frå, kva liv dei hadde. og viktigare, kva verdiar dei levde etter.

eg trur det er fordi kvardagen min er så radikalt ulikt frå den besteforeldri mine vaks opp i, at eg kjenner på dette behovet for å veta at eg likevel, oppi alt saman, lever etter deira verdiar. og som dei lærte meg å sjå etter vardar når du har mista vegen i fjellet (noko alle som kjenner meg veit at eg gjer ofte), har eg nokre vardar etter dei som eg prøvar å ha i syne om dagane.

 å ha som livsmål at det skal stå att noko etter meg, at garden – kva no enn han måtte vera – er betre når eg forlet han enn då eg fekk han.

 å ikkje sløse, men aldri vera gjerrig.

 å vera takksam for det eg har fått og stolt over det eg har oppnådd.

 å respektere naturen si makt, men samstundes kjenne meg heime der.

 å ikkje velja den enklaste vegen, men å arbeide trottigt til eg får gjort det eg skal.

 å vera tru mot vali eg har gjort og ikkje gje meg om det buttar mot.

 å ha føtene på jordi.

og slik finn eg til fjells.