Om glitter, åtgaum og møte med publikum. Vi tok ein prat med skodespelarar på Det Norske Teateret.

– Kva tenkjer dei om møtet med oss? Det undrar ein seg kanskje over, i foajeen eller når ein ser den siste av skodespelarane rusle ut frå scenen.

– Om eg er medviten på nærveret til publikum, er eg då faktisk i rolla, spør Thomas Bye. Det er mange ting å fundere over. Tilværet på og bakom scena, naturalisme og tilhengjarane. For teater er ikkje ein ting, og mytane lever.

Saman med Thomas tok vi ein prat med Teodor Janson og Vidar Magnussen, som alle er premiereaktuelle som insekt i Felix’ fantastiske orkester.

Skildre ein tanke
Når vi journalistar møter teaterlivet, er det vi likar best å spørje om, forskjellen på teater og film. Er det annleis og kanskje meir teknisk komplisert å stå på ei scene?

– Klart det å vise ein tanke, vert noko heilt anna på ei teaterscene, enn det er i ein film, forklarar skodespelarane.

– Dei fleste skodespelarar er jo borti både film, tv og teater. Ingen av delane er jo éin ting. Det er stor forskjell på teater, akkurat som det er stor forskjell på film, fortel Thomas. Og trekkjer parallellar til ulikskapen mellom ein film som thrilleren The Tourist og dramaet The Tree of Life.

Det handlar om sjanger, trendar og stil. Kan til dømes teateret verte endå meir teatralsk?

– Eg ynskjer meg meir glitter og champagne. Meir teater i tradisjonen etter Per Aabel og Wenche Foss, seier Teodor.

Minuttet
– Du har eitt minutt på å få publikum på ditt lag. Dei kan spele hovudrolla eller vera som ein vegg, forklarar Thomas. Som opplevde at framsyninga Evig Ung ein gong vart 14 minutt lenger, med ustoppeleg latter og enorm respons frå publikum. 

Karane peikar på kor viktig samspelet med publikum er. Nyansert og finstemt, og litt ulikt kvar gong. 

– Eg tykkjer møtet med publikum er like spanande kvar gong. Eg ser på dei som framande på vitjing i mi eige stove, seier Teodor. 

Kontakten med publikum er fasinerande, og kanskje endå meir utfordrande frå hovudscenen enn på dei mindre scenene. 

Å lukkast
Dei har fått jobb på teatera. Teodor har vore med på Beat for Beat. Thomas vart skildra som ”Himmelsk gebrekkelig akrobatisk” i Aftenposten for rolla i Evig Ung. Vidar Magnussen vann Komiprisen i 2010 som ”Årets gjennombrudd” for framsyninga Mascerade ved Den Nationale Scene.

LES OGSÅ: Frå Brecht til ellevill Kalvø-opera

– Sjølvsagt pregar humorbakgrunnen meg som skodespelar, seier Vidar. Snart er han aktuell som dommaren i fotballoperaen Norge-Brasil.

Ei av mytane om skodespelartilværet, er det konkurranseprega miljøet. Den harde kampen om scenene og filmsnuttane, på vegen ut frå opplæringsinstitusjonane.

– Eg trur det er veldig mykje rausheit, fortel Thomas. Han meiner det handlar mykje om tilfelle, både når det kjem til scene, regissørar og mogelegskapar. 

Manus. Thomas Bye arbeider med teater både på og utanfor scenen, her les han manus i garderoben.

Åtgaum
– Eg vert ikkje rent ned av tilhengjarar altså. Eg har fått eit brev eller så, og så har eg høyrt at eg har ei tilhengjarside på Facebook, seier Thomas. Sida har 44 medlemmer. Det er eit stykke bak Frank Kjosås, der tilhengjarane òg har laga ei eigen heimeside.

– Ein lyt nok i stor grad på TV, forklarar skodespelarane. Så teatersuksess og gode meldingar, er ikkje det same som kjendisstatus. 

– For min del kunne det vore mykje meir, småskrattar Teodor.

Utfordringa
Men nokre av skodespelarmytane stemmer. For det hender at skodespelarane bur på teateret. Denne våren får både Thomas og Vidar lange dagar med doble framsyningar, fyrst i Felix’ fantastiske orkester og seinare på kvelden i Norge-Brasil

Teaterliv er pasta til lunsj, garderobe, repetisjon og hardt arbeid. 

– Eg trur ei av mytane om det å stå på scena, er at det kjenner forskjellig for kvar gong. Men vi går jo i mønster, og det vi gjer er jo reelt repeterande. Det å formidle det å oppleve noko for fyrste gong i livet, kvar dag. Det er ei verkeleg skodespelarutfordring og hardt arbeid, avsluttar Thomas. Før stemma på høgtalaren ropte inn, og karane laut attende til prøvene. 

LES OGSÅ: Gjennom metamorfosen (1. del av reportasjen)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

Kommentarar

ANNONSE