Welcome Zimuto vart banka opp og arrestert under eit debattmøte om den arabiske våren. Politisk engasjement sender zimbabwiske studentar i fengsel.

Agnes Klem/Universitas.
Agnes Klem/Universitas.

 – Vi vart torturert og banka opp under forhøyra, mistenkt for forræderi mot myndigheitene, seier Welcome Zimuto til Universitas på telefon frå Zimbabwe.

Zimuto er styremedlem i Zimbabwe National Students Union (ZINASU), og vart 19. februar i fjor arrestert under eit debattmøte om revolusjonane i Egypt og Tunisia. Møtet vart storma av politi og zimbabwisk etterretning, og alle dei 45 som var til stade vart arrestert og sende til den sentrale politistasjonen i Harare.

Zimuto vart halde fengsla i 28 dagar før han vart sluppe laus mot kausjon. Sidan då har han levd under konstant overvaking, og må melde seg hjå politiet tre gonger i veka. Den tidlegare studenten er formelt anklaga for forræderi mot staten. No skal saka opp for retten.

– Vi tør ikkje arrangere demonstrasjonar i frykt for å bli arrestert att. Myndigheitene vil fjerne stemmene våre fra eitkvart forsøk på offentleg debatt, seier Zimuto.

– Grov tortur
Bildet Zimotu teiknar opp får støtte fra Tomm Kristiansen, utanriksmedarbeidar i NRK og tidlegare korrespondent i Zimbabwe.

– Studentane i Zimbabwe utsettast for grov tortur. Dei stillast opp halvnakne på vatnlagde golv før dei får strøm i genitaliar, lepper og hender. Eg snakka med ein fyr som vart svingt ikring etter rastaflettene av politisjefen sjølv, seier han.

Kristiansen seier president Robert Mugabe gjer dette for å truga studentane i landet til tystnad.

– Mugabe har ein ungdomsmilits han har etablert for å vere bøller i byen. Politiet grip òg inn. I augo åt myndigheitene trugar studentane tryggleiken ved å vere opposisjonelle. Dei har ei demokratisk grunnlov, men det ligg eit regelverk under som kan misbrukast og tolkast. Dette rammar både studentar og journalistar med ein effektiv skremselseffekt, seier han.

Prøv vår Afrika-quiz her!

Valden aukar
Helge Rønning er professor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, og har følgt situasjonen i Zimbabwe nøye. Han trur ikkje det kommande presidentvalet gjer utsiktene lysare.

– I samband med tidligere val har vi sett ei auke av politisk vald og overgrep. Maktapparatet brukast for alt det er verd. Denne regjeringa høyrer ikkje på utlandet. Dei gjev faen i kva resten av verda meiner.

Usikker rettsprosess
I Zimbabwe håpar Zimuto på ein rettferdig rettergang. Men dei same myndigheitene som han anklagast for å ha gått imot, har peika ut statsadvokaten. Han fryktar difor at saka har vorte løfta opp på eit høgare politisk nivå, og kan halde fram i det uendelege.

– Eg skal i retten på måndag, men eg veit ikkje kva som kjem til å hende. Dei kan ikkje dømme oss for eit brotsverk vi ikkje har gjort, seier Zimuto.

Vegen vidare for Zimuto er usikker nett no. Den rettslege forfølginga gjer at han ikkje kan halde fram med å studere ved Chinhoyi University of Technology. Årsaka for utvisinga er at han har undergrava autoriteten åt president Mugabe og regjeringa hans.

– Det finst inga respekt for lovstyre og fundamentale politiske rettar i Zimbabwe. Det finn stad ei systematisk undertrykking av studentaktivisme. Om du organiserar noko som kan truga myndigheitene, blir du straks gjort til syndebukk, seier Zimuto.

Verre og verre
–Det er tydeleg at fleire med makt i Zimbabwe fryktar studentane og den endringa dei prøvar å skape. Når dei blir arrestert og banka for berre å diskutere den arabiske våren, syner det at myndigheitene er på tå hev, seier Sindre Olav Edland-Gryt, informasjonsrådgjevaren til Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH).

Organisasjonen har følgt saka til Zimuto. Dei ser med uro på at situasjonen i Zimbabwe berre blir verre og verre.

–Vi ser gang på gang korleis myndigheitene straffar studentaktivistar ved å trekkje ut rettsaker i det uendelege, seier Edland-Gryt.

Saka til Welcome Zimuto skal opp i retten 27. februar og 2. mars.

Les saka i Universitas!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

ANNONSE