No er det fest!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: No er det fest!

 

Vi har alle eit ansvar for å gjere noko med dette. Derfor nyttar eg dette høvet til å minne om at dette er fastelavnshelga, og at fastelavn er ein både vakker og mangslungen tradisjon med ei rik og variert historie både her i landet og i mange andre land. Og ein av mange tradisjonar som nesten ingen har respekt for i vår tid.

Ordet fastelavn kjem frå det middelnedertyske vastel-abent som tidligare blei brukt om kvelden før fasten. Seinare blei ordet brukt om dei tre siste dagane før langfasten, som begynte onsdagen i den sjuande veka før påske, den såkalla askeonsdagen. Til fastelavn høyrer også fleskesøndag og blåmåndag (eller fleskesøndag), då ein åt feit mat, og kvitetirsdag (eller feitetirsdag), då ein åt kvit mat.

Til fastelavn knyter det seg til dels eldgamle heidenske skikkar skikkar som speler på overgangen frå vinter til vår. Som f.eks å kle seg ut, brenne bål, danse med sverd og spenne fast nakne jomfruer til plogen. Dette med å kle seg ut er framleis vanlig fleire stader i samband med fastelavn. Mange av dei andre skikkane er derimot på veg ut. For eksempel er det svært uvanlig å spenne nakne jomfruer til plogen i våre dagar. Trulig fordi at i vår moderne urbaniserte tid er det nesten ingen familiar som har plog.

Seinare har fleire andre dagar og tradisjonar komme til og gjort fastelavnsfieringa endå rikare og endå meir mangslungen.

Til dømes tippetysdag (eller gjettetirsdag), som kjem frå det lågnederflamske Waasistloos-Diensdach, då ein etter tradisjonen reiser til Syden og ser norske fotballag spele treningskampar og bytte spelarar med kvarandre, og på bakgrunn av dette gjettar ein utfallet av årets fotballsesong. Etter tradisjonen skulle dette helst skje minst 4 veker før seriestart, eller Vluppengampen som seriestarten vert kalla på hypernederhollandsk.

Etter tippetysdagen (eller gjettetirsdag) kjem gjetteonsdag (eller tippeonsdag), eit ord som trulig stammar frå det småkeltiske watafuck. På gjetteonsdag spår ein etter tradisjonen utfallet av neste val på bakgrunn av nokre meiningsmålingar og eit leiarskifte i eit veldig lite parti. Etter tradisjonen skal desse spådommande komme minst eit og eit halvt år før valet, men også på dette området har ting glidd ut, og no spår ein på denne måten stort sett heile tida.

På sinnatirsdagen (eller knebletysdag) skulle dei som hadde noko kontroversielt å seie bli invitert til alle debattprogram og aviser for å seie at folk som meiner kontroversielle ting aldri slepp til i debattprogram og aviser. Dette er også ein tradisjon som har glidd ut i vår tid.

Den såkalla babletorsdagen har fått namnet sitt etter det supertyskskånske Babbelbubbel, og viser til ein tradisjon der ein tek på seg fine klede, spenner seg fast til eit restaurantbord og diskuterer sentralbanksjefens tale. Sentralbanksjefens tale, etter det ikkje spesielt belgiske uttrykket Zentraalbankcjeefens thale, kjem før middagen, og går føre seg etter strenge reglar med djupe røter i tradisjonen. Etter talen og middagen er det etter tradisjonen rom for meir improviserte festligheiter på serveringsplassar, kontor og i private heimar. Ved desse høva, som gjerne vert omtala med den ekstremt lågtyske nemninga nachspiel, kan mykje skje, og rykte vil ha det til at ein ved meir enn eitt av desse høva har spent nakne jomfruer fast til plogar.

Engletysdagen, eller prinsessetysdagen, frå det småspanske El Angel, er etter tradisjonen dagen då ein uttrykker glede over at ein slepp å tenke på innvikla ting som finanskrise og vikarbyrådirektiv sidan Märtha Louise har komme med ei ny bok om englar. Gleden har vore uttrykt på ulike vis opp gjennom historia. Tradisjonelt uttrykte ein gleden ved å le av Märtha, no uttrykker ein oftare gleden ved å le av Märtha på nettet, etter det megagæliske uttrykket Nætfullashit.

Men først og fremst er det snart vår.