Tolv vekers mødrepermisjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei tredeling av foreldrepengeperioden er eit viktig steg på vegen mot eit jamstilt foreldreskap. Fordelinga av foreldrepermisjonen er tradisjonell i dei fleste familiar. Tredelinga vil gjere det tydelegare at fellesdelen av permisjonen hører til begge foreldra, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV).

Forslaget betyr at foreldrepermisjonen blir delt i tre med ei lik kvote på tolv veker til både mor og far. Foreldra får saman ein felles del på 20 veker med 100 prosent lønn eller 30 veker med 80 prosent lønn. Foreldra fordeler fellesvekene seg imellom, slik det passer best for familien. Dei tre siste vekene før fødselen skal mor har eineretten på.

Ordninga vil leggje betre til rette for deling av permisjonstida mellom foreldra. Samtidig er ordninga framleis fleksibel ettersom ein stor del av permisjonen kan delast fritt mellom foreldra, seier Lysbakken. (©NPK)