74 vil bli barneombod
I alt 74 personar har søkt på åremålsstillinga som barneombod. Utnemninga skjer truleg etter påske.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet kunngjorde torsdag lista over søkjarar som ønskjer å følgje Reidar Hjermann. Det er fleire kjente namn på lista.
Eli Rygg, tidlegare programleiar i barne-tv-serien «Portveien 2» og no tilsett i barnevernet, er blant søkjarane. Det er òg generalsekretær Guro Birkeland i Norsk Pasientforening, lege og redaktør Per Helge Måseide, sosiolog og ungdomsforskar Guro Ødegård, høgskulelektor og forfattar
Tarjei Helland, tidlegare leiar i Elevorganisasjonen Sigve Indregard og divisjonsdirektør Arne Holte i Folkehelseinstituttet.
Barneombodet skal vere talsperson for born og unge i Noreg. Det er ein statleg, uavhengig institusjon. Barneombodet er eit åremål på seks år, og ein kan berre sitje i éin periode.
Barneombodet sorterer administrativt under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, men verken Stortinget eller regjeringa har instruksjonsmyndigheit. (©NPK)