Dobla utlånet med bok i butikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For eitt og eit halvt år sidan byrja biblioteket i Vindafjord med ordninga «Bok i butikk». Ordninga har blitt godt motteken av lånarane, som nå kan få kva bok dei ønskjer, til ein butikk i grenda si.

For sju år sidan blei dei to rogalandskommunane Ølen og Vindafjord slått saman til ein kommune. Etter samanslåinga blei stadig fleire bibliotek lagde ned i dei ni grendene rundt om i kommunen. Til slutt sat kommunen att med eitt bibliotek, i kommunesenteret Ølen.

– Det blei ei utfordring for oss korleis vi skulle klare å gi lånarane våre eit tilbod der dei budde. Det var då ideen om prosjektet «Bok i butikk» dukka opp, fortel biblioteksjef Any T. Heggebø til LNK-avisa.

Dei byrja å prøve ut ordninga, der lånarane kan tinge den boka dei ønskjer, heime på pc-en eller ved å ringe til biblioteket. Med lånekortet følgjer eit brukarnamn og eit passord. Når lånarane har logga seg på, kan dei leite i biblioteket sin katalog og finne bøkene dei ønskjer. Så tingar dei boka og kan kanskje allereie same dagen ta turen til den lokale Joker-butikken eller Shell-stasjonen og hente ho.

LES OGSÅ: Banar veg for e-bibliotek

– Vi fører statistikk over kor mange bøker som blir tinga og køyrde ut, kor mange som kjem inn via innleveringsboksane, og kor mange som låner bøker gjennom «Bok i butikk». Vi ser heilt klart ein auke. Det har auka litt om litt, men nå kan eg sjå at vi har dobla både utlånet og innleveringane i butikk sidan starten, seier biblioteksjefen.

Gode tilbakemeldingar
– Kven er det som nyttar seg av «Bok i butikk»?

– Det er ofte litt eldre folk, dei som var flittige brukarar av biblioteka ute i grendene før dei blei lagde ned. Vi ser også at dei litt yngre er flittige brukarar, seier Heggebø.

Ho peikar på at «Bok i butikk» dessutan er ei god ordning for folk som tek vidareutdanning og kan få studielitteratur levert gjennom biblioteket til den lokale butikken deira.

– Korleis er tilbakemeldingane frå lånarane?

– Vi får veldig gode tilbakemeldingar. Folk rundt i dei mange grendene våre har etter kommunesamanslåinga opplevd at både post, bank, bibliotek og butikkar blir lagde ned i bygda si. Då er dei veldig nøgde med at vi kan gi dei eit aktivt tenestetilbod der dei bur, seier biblioteksjef Heggebø.

Ho fortel vidare at tilbakemeldinga frå den kommunale administrasjonen og lokalpolitikarane har vore god.

Bøker frå heile landet
I tillegg til at lånarane kan tinge bøker i biblioteket sin eigen katalog, kan også det lokale biblioteket skaffe bøker frå bibliotek i heile landet. Dei lånarane som har nasjonalt lånekort, kan tinge bøker frå bibliotek i heile landet sjølve.

Biblioteket i Vindafjord søkte Nasjonalbiblioteket om støtte til prosjektet «Bok i butikk» etter at dei hadde prøvd det ut eit halvt år, og fekk 170 000 kroner for rundt eitt år sidan. Desse pengane blir brukte til den 20 prosent store stillinga som er knytt til prosjektet, og til transportutgiftene til levering og henting av bøker.

LES OGSÅ: Får eigen nøkkel til biblioteket

Ein bebuar i bufellesskapet Sandeidtunet køyrer til dei fem butikkane og bensinstasjonane som er med på prosjektet, og leverer ut og hentar bøker. Desse fem utlånsstasjonane har eigne innleveringsboksar for bibliotekbøker.

Tilsette ved biblioteket i Vindafjord er ute og lærer opp lånarane sine i korleis dei kan bruke «Bok i butikk». Dei er i 8. klasse kvart år og på datakurs for eldre og informerer om korleis utlånssystemet fungerer.

Engasjerte ungdommar
I sju veker nå i haust har biblioteket engasjert elevar i andre klasse mediefag på Etne vidaregåande skule. Desse har nemleg jobba med å lage ein reklamefilm for ordninga «Bok i butikk». Det var ikkje lett for bibliotekar Guri L. Ravatn og biblioteksjef Anny Heggebø å bestemme seg for kven som skulle kronast til vinnar. Alle dei tre filmane imponerte dei med ei god blanding humor og informasjon. Men ein av dei tre skilde seg ut.

– Filmen med plastilin var morosam, fengjande og gjev oss lyst til å sjå meir og vite meir. Han pirrar nysgjerrigheita og er akkurat det me ser etter, sa Ravatn då ho annonserte vinnarlaget for andreklassingane ved Etne vidaregåande skule.

Nadine Wittek, Ingeborg Gussiås og Marit Kristine Steine laga vinnarvideoen, og denne er publisert både på Youtube og Facebook-sida til Vindafjord bibliotek.

LES OGSÅ: Utfordrar kommunane på bibliotek

Prosjektet «Bok i butikk» jobbar nå med å lage ei heimeside. Men sjølv om sjølve prosjektperioden er over 31. juli, sluttar ikkje ordninga der.

– Vi kjem til å halde fram med denne ordninga, men vi kan ikkje «kvile på laurbæra». Vi må ut og fortelje om ordninga; vere offensive og marknadsføre og vidareutvikle oss, slår Heggebø fast.

Biblioteket i Vindafjord har også fleire prosjekt på gong. Dei har mellom anna prøvd ut bokutlån på campingplassar, og på Westcon, den største arbeidsplassen i kommunen, har dei eit arbeidsplassbibliotek.

Les saka på Lnk.no!