Organisasjonslivet er ein viktig maktfaktor, men rekrutterar dei berre ungdom som liknar seg sjølve?

Ungdom som er med i organisasjonslive er supermotiverte, superaktive og legg ned mykje tid. Men også i organisasjonslivet vert det eit utanforskap. Er det organisasjonane sin eigen feil?

– Det kan vera at organisasjonane er inkluderingstrøytte. At det viktigaste for dei er å fokusere på sakene dei jobbar for og aktiviteten dei driv med, seier Bjarne Dæhli, som er tidligare leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner.

– Eg trur likevel vi som er i organisasjonane, er litt for flinke til å rekruttere folk som liknar oss sjølve. Så vi bør kanskje verte flinkare til å rekruttere breiare enn det vi gjer i dag, held han fram.

LES OGSÅ: Supre, sære og ganske like

Same sak
– Vi vil ha med alle som ynskjer same liberal-konservative samfunnsutvikling som oss. Med eit menneskesyn der alle er like mykje verdt, og fokus på einskildmenneske, vert det feil å fokusere på å rekruttere spesielle gruppe, fortel Emil Engeset i Unge Høgre.

Heller ikkje Natur og Ungdom har spesielt fokus på inkludering i si rekruttering.

– Vi reiser rundt å held informasjonsmøte på ungdomsskule og vidaregåande skule i heile landet. Det viktigaste er jo at folk vil ha ein betre miljøpolitikk, men sjølvsagt er det jo fint om vi får med folk som ikkje er politisk aktive på andre område, fortel leiar Silje Lundberg.

Utanfor informasjonsnettet
Sjølv om 55% av dei mellom 16 og 18 år og 48% av dei mellom 19 og 24 år er medlemmar i ein organisasjon, etter tal frå forskingsrapporten Ung frivillighet i Norge dett ein del utanfor.

– Dei som står lengst utanfor organisasjonslivet er menn mellom 19 og 30 år, som ikkje har fullført vidaregåande utdanning. Gjennom vidaregåande aukar skilnadane – dei engasjerte klarar seg bra og fullførar, fortel forskar ved Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor,

Dag Wollebæk, som har vore med å utarbeida rapporten.

– Dei som står utanfor er også like i den forstand, at dei fell gjennom informasjonsnettet. Dei føler at dei ikkje vert spurt, held han fram.

Wollebæk fortel at organisasjonar som driv med kultur, idrett og nærmiljøtiltak, tradisjonelt har hatt ein lågare terskel, enn organisasjonar innan til dømes politikk og religion.

Mangfald og inkludering
– Vi ynskjer jo at alle som har lyst skal finne sin plass, seier noverande leiar i LNU, Gunnhild Grande Stærk.

Ho peiker på at mange av dei som er aktive i organisasjonar har engasjerte foreldre, og lærer mykje heime. Slik kan organisasjonslivet virke meir utilgjengeleg for ungdom frå andre samfunnslag.

– Eg trur det er viktig at vi ser at det er eit potensiale, for å få med fleire av dei som ikkje er organisert. Men mykje av dette skjer lokalt, så den handlar om kvar ein kjem frå og korleis den lokale kulturen er. Så handlar det også om kva type organisasjon det er snakk om, held Grande Stærk fram.

LNU sitt svar på utfordringa med dei som står utanfor, er fokus på mangfald og inkludering. Dei har mellom anna utarbeida ein mangfaldsguide til medlemsorganisasjonane.

Barn og unge frå minoritetsmiljø, overvektige, homofile, funksjonshemma og religiøse minoritetar. Målet er som det står i guiden at alle som har lyst til det, skal ha høve til ei aktiv fritid.

– Sjølv om dette er ei utfordring og vi arbeider med dette, trur eg det er viktig å hugse på at organisasjonane er inkluderande i seg sjølve, avsluttar LNU-leiaren.

Korleis meiner du organisasjonane kan få fleire forskjellige medlemmar?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE