Det er mogleg å sjå framtidige Nav-klientar i barnehagen, meiner oppvekstdirektøren i Kristiansand. Fleire støttar utsegna.

NPK
NPK

– Ja, vi kan i enkelte tilfelle sjå i barnehagen kven som blir Nav-klientar når dei er 20– 25 år, seier Arild Rekve til VG.

Han får støtte av spesialpedagog Marianne Godtfredsen i same kommune.

– Barn med redusert språkforståing og manglande sosial kompetanse er spesielt utsette. Det er ikkje dermed sagt at alle barn med desse teikna treng hjelp seinare i livet, seier spesialpedagogen.

Professor i psykiske helse hos barn og unge ved Universitetet i Tromsø, Willy-Tore Mørch, støttar også opp. Han meiner til og med at det tidleg er mogleg å sjå kven av småungane som i framtida kan bli kriminelle og rusmisbrukarar. Derfor er det viktig å sette inn tiltak så fort som mogleg.

– Det som desse barna treng for å avbryte ei uheldig utvikling mot krim og rus, er eit forskingsbasert behandlingsprogram der dei lærer sosiale ferdigheiter.

LES OGSÅ: Lesevanskar = trygdemottakar?

I fjor vedtok Stortinget nye retningslinjer for tidleg innsats og betre læring for elevar med særskilde behov. Men ofte kjem ikkje spesialundervisning inn før etter barnehagen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

ANNONSE