Vil sletta studielånet til ingeniørar

Professor vil ettergje studielånet til dei som skaffar seg kompetansen som Noreg treng.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Kutt studielånet til ingeniørar

Dagens Næringsliv skriv at sjukepleiarar tener like mykje som ingeniørar, slik at det er lite som oppmuntrar til å ta ingeniørutdanning nett no. Dette vil sosiologiprofessor Ivar Frønes gjera noko med.

– Bruk gjeldssletting som verkemiddel
– Dersom staten ettergjev studiegjeld til studentar som utdannar seg i desse retningane, vil fleire velje slik utdanning, seier Ivar Frønes til Teknisk Ukeblad, og peikar på korleis Nokia løyste dette i Finland.

– Nokia inspirerte ungdom til å ta teknologisk utdanning. Paradokset i Norge er at oljetårnet vårt er Noregs Nokia, men Olje-Norge har ikkje inspirert ungdom til å ta teknologisk utdanning. Det er fullt mogleg politisk å gjere dette, på lik line med at studentar i Finnmark får ettergjeve studiegjeld. Man kan òg vurdere slike tiltak som eit generelt verkemiddel for å få ungdom til å ta utdanningar der det trengs, seier Frønes.

Meir ressursar i utdanninga er viktigare
– Ein må vere veldig spesielt målretta dersom staten skal gå inn for forslaget til Frønes om å ettergje studiegjeld. Det er mangel på fagfolk i mange yrke, vi vil heller bruke meir pengar på ressursar ved universitet og høgskular. Dette vil vi få meir att for enn ved å slette gjeld, seier Marianne Aasen, leiar av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen på Stortinget, til Teknisk Ukeblad.

– Dersom ingeniørane blir erstatta av lågare kvalifisert arbeidskraft, vil det kunne ramme både produktiviteten i verksemdene og kvaliteten på produkta som leverast. For offentleg sektor vil ei auke i etterspørsel etter ingeniørar gjere at dei vil sakke akterut i konkurransen om kompetent arbeidskraft. For kommunane kan situasjonen bli svært alvorleg med større utgifter som følgje av ei auke i bruken av konsulentar, og totalt sett dårlegare tekniske tenester til innbyggarane i kommunen, fortel Marit Stykket, president i Noregs Ingeniør og Teknologiorganisasjon, på nettsida til NITO.