Supre, sære og ganske like

Ungdom i organisasjonslivet er supermotiverte, superengasjerte og meir like enn ein kanskje trur.

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I Unge Høgre er det mange perleøyredobbar og store skjerf. Dei som spelar i korps har ofte på seg mørk eller jordfarga skjorte. I Målungdommen er skjortene store og rutute. Og folk i bygdeungdomslaget er veldig glad i ullgenser, seier Bjarne Dæhli, med eit skråblikk på ungdomsorganisasjonane. Han er tidligare leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), og kjenner livet i mange av organisasjonane.

FPU mot resten
– Desse ungdomspolitikarane som sit på kontora sine i Oslo og får løn frå offentlege løyvingar, forstår lite av den verdiskapinga som skjer elles i landet, uttala leiaren i Framstegspartiets Ungdom (FpU) Ove Vanebo til Stavanger Aftenblad sist veke.

Bakgrunnen for kommentaren var undersøkinga som viser at fleirtalet av norsk ungdom er i utakt med resten av ungdomspartia, når det gjeld synet på klimamål og oljeutvinning.

– På visse punkt slik som miljø og innvandring, er nok dei andre ungdomspartia meir like enn oss, seier Vanebo.

Sjølv om FpU ser på seg sjølv som forskjellig frå alle dei andre ungdomspartia, ser dei ikkje på medlemmene sine som like.  

– Eg trur vi har eit større spenn i medlemsmassa vår, enn dei andre ungdomspartia. Vi har alt frå rørleggarar og snikkarar, til akademikarar, fortel Vanebo.

Ikkje berre brukte klede
– Medlemmane i ulike organisasjonar liknar nok kvarandre. Folk i Natur og Ungdom til dømes, er ofte glad i å bruke brukte klede, seier Dæhli i skråblikket.  

Men Natur og Ungdom meiner sjølve at det ikkje finst noko typisk medlem.

LES OGSÅ: CV-krav: Frivillig arbeid

– Det er vanskeleg å finne ein typisk NU-ar, det varierar frå by til by, og frå fylke til fylke, fortel leiar Silje Lundberg. Ho peiker på at med over 7000 betalande medlemmer og 70 lokallag, har organisasjonen ei svært variert medlemsmasse.

– Medlemmene våre har nok det til felles at dei ikkje vil vera del av ein stille majoritet som berre ser på alt som skjer. Og mange er aktive og engasjerte, men det er heilt fint og berre vera støttemedlem, avsluttar NU-leiaren.

Superungdom
– Vi får rapportar om slik som medlemstal, elles veit vi ikkje så mykje om kven medlemmane i organisasjonane er. Men vi har jo medlemsorganisasjonar som driv med alle mogelege aktivitetar, fortel noverande leiar i LNU Gunnhild Grande Stærk, som sjølv har bakgrunn frå Frikirkens barn og unge.

Ho trur det kan vera forskjell på medlemmane i dei aktivitetsbaserte organisasjonane, som, som barnegruppe, speidar og korps, og i dei saksorienterte organisasjonane der medlemmane deler slik som politiske synspunkt.

LES OGSÅ: Frivillige er meir lukkelege

– Klart det er ein del superungdom, som er veldig aktive og har større oppgåve i organisasjonane. Dei har kanskje ein del fellestrekk, som hyllemeter med bøker heime. Vi veit jo at dei som har vore elevrådsleiarar er flinke i både matte, norsk og engelsk, og slik er det kanskje med dei som har verv i organisasjonane også, utdjupar Grande Røys.

Ho meiner det er heilt naturleg at det utviklar seg slik som intern humor, i organisasjonar der ein deler syn på saker og er klar til å ta fatt for å få til endring i samfunnet.  

Human-sosial kapital
Sjølv om organisasjonane meiner dei har ei variert medlemsmasse og ein kanskje tenkjer det er store skilnader mellom organisasjonane, har medlemmane mange fellestrekk.

LES OGSÅ: Her får du studiepoeng for å vera frivillig

– Unge som er med i ulike organisasjonar har ofte høg human-sosial kapital. Dei er veldig medvitne til det dei driv med og er gjerne aktive i fleire organisasjonar. Dei bruker mykje tid på engasjementet sitt og er supermotiverte, forklarer forskar Dag Wollebæk, som arbeider ved Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor. Han peiker også på at den store skilnaden, er mellom dei som engasjerer seg og dei som ikkje gjer det.  

– Ungdom er også meir opptekne av kva dei får ut av det å vera med i organisasjonar, enn det dei var tidligare. Dei er medvitne av kva engasjementet gjev av kunnskap, kontaktar og CV-fyll, avsluttar han.

Korleis meiner du organisasjonane kan rekruttera breiare?