Makt og avmakt til frukost

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det står ikkje så aller verst til. Etter å ha sett på skule, valdeltaking, forbrukarmakt, organisasjonsliv og sosiale medium var det hovudinntrykket til Ungdommens maktutgreiing.

Med ynskje om at utreiinga ikkje berre skulle leggast i ein skuff, skipa Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) til frukostmøte om saka. Med forskar Dag Wollebæk, tidligare LNU-leiar Bjarne Dæhli og Emil Engeset frå Unge Høgre i panelet.  

Aldri ferdig
– Eg ville jo helst bestemt alt i livet mitt som 10-åring, men det var sikkert ikkje så lurt. Så eg meiner det er viktig å skilje mellom det å påverke, og det å bestemme, held Emil Engeset fast.

Påverknad på nærmiljø og eige kvardag er viktig. Samstundes var panelet opptekne av at unge ikkje skal få så mykje makt, at dei byrjar føle avmakt.  

– Vi vert aldri ferdige med å jobbe for moglegheitene til medverknad, sa Dæhli. Han meiner ein del politikarar ikkje stolar på ungdom under 18 år, og var ein av medlemmene i maktutgreiinga som gjekk inn for røysterett for 16-åringane. Det gjorde ikkje Wollebæk.

– Eg tykkjer det vert eit paradoks når ein som 16-åring kan røyste ved val, men ikkje kan ta solarium. Eg meiner og barneombodet si samanlikning med kvinnenes manglande røysterett vert feil. Du er jo ikkje 16 eller 17 år resten av livet.

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?

Facebook og ungdomsråd
– Det er veldig viktig at organ som ungdomsråd får reell makt, ikkje berre ”yoghurtsmak-makt”, sa Engseth. Og alle var samde om ungdomsråda sin sentrale funksjon. Sjølv om Ungdommens Maktutredning var delt i synet på lovfesta ungdomsråd.

– Dei unge opinionsdannarane på sosiale medium, har meir makt enn sjefsredaktøren i Dagbladet, vart det sagt på skrå i debatten. Dei sosiale media vart peikt på som ein viktig maktarena, der ungdom har store kunnskapar og fører debattane.

– Men dei sosiale media er ingen trussel mot dei etablerte organisasjonane, og dei er nøgde til å verke i eit samspel, sa Wollebæk. Han peikte på rosetoga etter 22. juli, som døme der mange organisasjonar vart med på eit initiativ på Facebook.

Organisasjon som maktdimensjon
– Eg tenkjer jo at det er ein organisasjon for alle, sa møteleiar Grande Røys. Frukostdebattantane var ganske samde om at livet er i organisasjonane.

– Eg trur mange unge ser på dei folkevalde organa som store og abstrakte, og at dei føler dei har meir reell påverknad i ein organisasjon, sa Engeseth.

LES OGSÅ: Slik vil han gje unge meir makt

Men også i organisasjonslivet er det eit utanforskap. Dei som er minst med, er menn mellom 19 og 35, som ikkje har fullført vidaregåande utdanning. Men debattantane hadde få klåre svar på korleis ein kunne få dei som ikkje er med inn i organisasjonane. Samstundes meinte dei at ungdom bør ha makt og påverknad, også utanfor organisasjonane.

– Sjølv om organisasjonane er viktige, er det viktig at vi respekterer dei som ikkje vel å vera med i nokon organisasjon. På same vis som eg meiner det er viktig at vi respekterer dei som vel å ikkje bruke røysteretten sin, avslutta Wollebæk.