Av 23000 primærsøkjarar i haust, var det berre 15500 som fekk læreplass.

mm

AUF og NHO går no saman for å pressa regjeringen til å auka tilskotet til lærebedrifter.

AUF-leiar Eskil Pedersen og NHOs administrerende direktør John G. Bernander peikar på at tilskotet er eit av dei mest effektive verktøya for å få fleire lærlingplasser, noko også bedriftene sjølv ønskjer.

– Me veit at me treng å auka talet læreplassar både i dag og i tida framover. Å auka tilskotet til lærebedrifter vil bidra til at fleire bedrifter tar inn lærlingar – og halda på dei òg når økonomien blir strammare. Me treng sterkare innsats for å skaffa læreplassar og da må me samarbeida med bedriftene, seier Pedersen og Bernander til nho.no.

Rekordmange plassar
I 2011 var det ein auke i tal godkjente lærekontraktar på 11 prosent samanlikna med 2010 og 20 prosent samanlikna med 2009.

– Me ligg an til ein rekord i 2011. Det viser at auken i tal på læreplassar ikkje berre er eit resultat av at me er komne ut av finanskrisa. Den store veksten i nye læreplassar skuldast også svært god innsats frå næringslivet og fylka, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

70 prosent av dei nye lærlingkontraktane er teikna i privat sektor, og kunnskapsministeren meiner det er riktig å gje bedriftene ros.

– Eg vil takke for eit godt samarbeid når det gjeld å skaffa nye læreplassar. Dette tyder på at vi er eit godt stykke på veg, sjølv om me må arbeide for å få enda fleire læreplassar framover. Noreg treng mange dyktige fagarbeidarar i åra som kjem, seier Halvorsen i ei pressemelding.

Tre fylke har hatt ein auke i tal på godkjente lærekontraktar frå 2010 til 2011 på over 20 prosent. Desse fylka er Buskerud, Aust Agder og Østfold.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE