Studentar i byane drikk mest

40 prosent av studentane har eit faretruande drikkemønster, særleg jenter i byane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er kompetansesenteret Akan som har undersøkt drikkevanane til 2000 ingeniør- og sjukepleiarstudentar.

– Moglege forklaringar på at det er høgare alkoholkonsum blant studentar i urbane område er først og fremst at det er meir tilgjenge på skjenkjestader i store byar. Studentmiljøet er også annleis, studentgruppene i byane er ofte mykje yngre, og der er alkohol viktigare for å skape eit sosialt nettverk. Studentar i mindre urbane strok er oftare eldre og har ikkje behov for alkohol som eit middel til å byggje sosiale nettverk, seier sosiolog Irene Prestøy Lie, som er ansvarleg for undersøkinga til Universitas.no.

Det er jentene som har dårlegast drikkevanar i storbyane, medan det er dei mannlege studentane som drikk mest i mindre urbane strok. (©NPK)