Gullklump passerer jorda

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag passerer asteroiden 433 Eros jorda på «berre» 27 millionar kilometers avstand.

Forskarar reknar med at asteroiden høgst sannsynlegvis inneheld sjeldne mineral som gull av ein total verdi på minst 100.000 milliardar kroner. Gull utgjer ein tidel av dette, men det er og enno meir sjeldne mineral som platina å finne inne i asteroiden.

433 Eros var den første asteroiden som passerte nær jorda som vart oppdaga allereie i 1898 av Gustav Witt i Berlin og Auguste Charlois i Nice. Han fekk namnet etter den greske guden med same namn.

Dette er den nest største asteroiden nokongong observert nær jorda (1036 Ganymed er den største) med si lengde på 34 km og og breidde på 11 km.

Les også: UFO på Voss

Asteroiden vart historisk på ny i 2000 og 2001 når NASA undersøka overflata av han med eit lite ubemanna romskip.

Det er i dag, 31.august, at han passerer nærast jorda, men det er mogleg å sjå han det meste av februar. Sjølv i dag er han 70 gonger så langt unna jorda som månen er, så eit godt teleskop er naudsynt for å sjå han. Om du observerer han utover kvelden vil du merke at han beveger seg framover i sneglefart, omlag 90 centimeter i timen.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Faktaboks

Les meir om Eros 433 på Wikipedia, NASA og Skyandtelescope.com!