Sa si meining om framtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finansminister Sigbjørn Johnsen inviterte måndag ungdom frå heile landet til å diskutera korleis Noreg skal vera i framtida. Frå Sogn og Fjordane deltok Benjamin Hellesen Heimset, Vilde Tøfte Øvstetun og Ingrid Øien i Ungdomspolitisk utval (UPU), vert det opplyst frå fylkeskommunen.

– Tok på alvor
– Det var både kjekt og lærerikt. Me hadde gode diskusjonar og fekk fram det me ville. Me fekk også inntrykk av at politikarane tok oss på alvor og tek med seg innspela våre vidare, seier nestleiar i UPU, Vilde Tøfte Øvstetun.

Finansministeren hadde invitert tre ungdomar i alderen 15–19 år frå kvart fylke til ungdomskonferansen. Der ville han finna ut kva ungdom meiner om Noreg i dag og i framtida.

Rådgjevingstenesta
Sysselsetjing, velferdsstaten, miljø og klima vart blant tema som stod på dagsorden på konferansen. Ungdomane vart mellom anna delte inn i grupper for å koma fram til kva Noreg bør satsa på i framtida.

– Gruppa mi meinte at velferdsstaten bør styrkjast. Me ville ha ein betre skule og særleg ei betre rådgjevingsteneste frå grunnskulen av, fortel Øvstetun.

Skryt av fylket
Konferansen gav også ungdomane sjansen til å bli kjende med ungdomspolitikarar i andre fylke og læra av kvarandre. Øvstetun fortel at dei fekk idear til korleis dei kan arbeida framover.

– Det var også kjekt å høyra at Sogn og Fjordane er eit bra fylke samanlikna med ein del andre. Det vart blant anna trekt fram at me har lite fråfall frå vidaregåande skule, seier ho.

LES SAKA I SOGN AVIS!