Stor auke i valdeltakinga blant førstegangsveljarane, viser nye tal.

mm
Faktaboks

Så mange nytta stemmerett blant ulike aldersgrupper:

16-17 år: 58 %
18-21 år: 46 %
22-29 år: 45 %
30-39 år: 60 %
40-49 år: 67 %
50-59 år: 72 %
60-69 år: 78 %
70-80 år: 75 %

Alle: 65 %

LES FAKTALUKK FAKTA

Nær halvparten av førstegongsveljarane røysta ved kommunestyrevalet i haust. Dette er ein stor auke frå låge 33 prosent i 2007.

– Det gjer meg meir trygg på framtida at dagens unge generasjon sluttar opp om demokratiet når dei ser det blir truga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ved førre kommuneval stemte berre 33 prosent av førstegongsveljarane. Ved valet i fjor haust auka oppslutninga mellom ungdommane med 13 prosentpoeng til 46 prosent.

Kan bli varig endring
Forskarane Johannes Bergh og Guro Ødegård ved Institutt for Samfunnsforskning vektlegg terrorangrepet i Oslo og massakren på Utøya 22. juli 2011 som ein viktig årsak til den sterke auken i valdeltakinga blant førstegongsveljarane.

– Vi hadde håpa på ein endå større auke i valdeltakinga ved kommunevalet i haust enn det vi såg. Men det er godt å sjå dei tala vi ser i dag. Dette betyr at dei unge mobiliserer når dei ser ungdommar blir ramma i sitt arbeid for demokratiet, seier Navarsete.

Ho er også nøgd fordi forsking syner at når ein først har stemt som førstegongsveljar, er sjansen større for at ein vil nytte stemmeretten igjen.

LES OGSÅ: Utvida demokrati gav auka valdeltaking

– Eg håper vi vil sjå dette ved val i framtida og at dei unge vil mobilisere også ved komande val. Det er viktig å hegne om demokratiet vårt, seier Navarsete.

Valdeltakinga samla blei på 64,5 prosent på landsbasis. Bakgrunnstala viser at det framleis er dei eldste som i størst grad bruker stemmeretten sin.

– Meir enn ”Utøya-effekt”
– At ungdom har røysta i større grad ved årets val handlar om noko meir enn terroren 22. juli. Skilnaden er at ein har byrja å snakke til ungdom, og forholda seg til dei som veljarar og deltakarar i demokratiet, seier Gunhild Grande Stærk, leiar i LNU.

– I dette valet snakka politikarane direkte til ungdom, og bodskapen var at vi treng stemma til ungdomen i demokratiet. Dette viser at 18-og 19-åringar har eit politisk engasjement og er klare til å stilla opp, viss dei opplever at dei blir høyrt, held ho fram.

Krev stemmerett for 16-åringar
LNU har fleire forslag til korleis politikarane kan arbeide for å fortsetje auken i politisk engasjement blant ungdom:

– Politikarane må forsetja med å snakke direkte til ungdom, ikkje berre om dei. Dei må halde dei politiske løfta dei har gjeve til ungdom, og dei bør innføra røysterett for 16-åringar, for då blir dei nøydde til å forholda seg til ungdomen som ein maktfaktor og viktig veljargruppe. Ungdomsperspektiv i politikken vil gje betre avgjersler i dei enkelte lokalsamfunna, seier Grande Stærk.

LES OGSÅ: Vil gje stemmerett til babyar

Resultata viser òg at 16-og 17-åringar i forsøkskommunane røysta i endå større grad enn dei ordinære førstegongsveljarane. Valdeltakinga i denne aldersgruppa var på vel 58 prosent.

– I forsøkskommunane involverte ein foreldre, skule og lokalsamfunn. Dette er viktige tiltak for å auke den politiske deltakinga blant ungdom, og har gjeve klare resultat. Dette viser at det nyttar å gjere ein målretta innsats for å involvera nye grupper i demokratiet, seier Gunhild Grande Stærk.

Er det på tide å innføra stemmerett for 16-åringar?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

Kommentarar

ANNONSE