NASA finn nye planetar
26 nye planetar er oppdaga utanfor solsystemet vårt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Romfartyet Kepler, som høyrer til den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA, har oppdaga 26 nye planetar utanfor vårt eige solsystem.
Planetane er funne ved hjelp av teleskopet om bord på Kepler. Alle dei nyoppdaga himmellekamane ligg i vår eigen galakse, Mjølkevegen, men dei går i baner rundt elleve forskjellige stjerner. Dette, saman med andre oppdagingar Kepler har gjort sidan 2009, doblar talet på verifiserte planetar og triplar talet på stjerner med meir enn ein planet i galaksen.
– På berre to år har Kepler funne meir enn 60 planetar og
meir enn 2300 kandidatar til planetstatus. Dette fortel oss at galaksen vår er stappfull med planetar av alle storleikar og banar, seier Doug Hudgins frå NASA.
Kepler-33 er den stjerna med flest planetar i bane ikring seg med heile fem ulike som er frå 1,5 til 5 gonger så store som jorda. Men alle desse, og dei andre planetane funne så langt, ligg nærare stjernene sine enn jorda, slik at det er lite sannsynleg at det finst liv på dei med dei høge temperaturane ein slik nærleik skapar.
Faktaboks
Kepler-romskipet er eit amerikansk romfartsobservatorium, den rombaserte delen av NASA sitt Kepler-oppdrag som har som mål å finne planetar som vår eigen som går i bane kring andre stjerner. Romskiper har fått namn etter den tyske 1700tals-astronomen Johannes Kepler og vart send ut i mars 2009 med ei levetid på minst 3,5 år.
Kjelde: Wikipedia.