Ny ungdomsstraff blir innført

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye ungdomsstraffa, som vart vedteken av Stortinget før jul, er retta mot ungdom som har gjort seg skuldig i alvorleg eller gjenteken kriminalitet, og med høg risiko for ny kriminalitet.

I staden for å sitje bak lås og slå, vil det bli ein kontroll over dagleglivet til den domfelte. Den domfelte blir overført til konfliktrådet som set i verk ungdomsstormøte, der ungdommen vil møte personar som er råka av den kriminelle handlinga.

Eit team med representantar frå mellom anna kriminalomsorg, politi, skule, helsevesen og barnevern vil saman med den domfelte setje opp ein plan, opplyser Konfliktrådet.

Innhaldet i planen kan vere krav til skulegang, ruskontroll, arbeid, frammøteplikt, oppfølgingssamtaler med meir.

Dersom ungdommen ikkje følgjer opp krava i ungdomsplanen kan domfelte måtte sone i fengsel.

Bakgrunnen for den nye ungdomsstraffa er ei politisk målsetjing om at færrast mogleg ungdommar i aldersgruppa 15 til 18 år skal dømmast til fengselsstraff.

I vente på at lova trer i kraft, vil den frå tysdag bli prøvd ut ved konfliktråda i Sør-Trøndelag og Telemark. For at denne reaksjonen skal bli nytta, må domfelte gi samtykkje. (©NPK)