Eksamensfilm kan få Oscar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den norske filmen «Tuba Atlantic» av Hallvar Witzøe er nominert til Oscar i kategorien for beste kortfilm.

– For meg som regissør har vi allereie kome lengre enn kva eg i dei villeste fantasiane mine hadde trudd vi skulle få til med filmen. At vi både skulle vinne student-Oscar og no vere nominert til Oscar for beste kortfilmen er noko eg må klype meg i armen for å tru på. Eg er utruleg stolt over kva vi alle har oppnådd med denne filmen og uansett utfall er eg ydmyk over opplevelsene eg har hatt med ein film som byrja som nokre barnslige teikningar i kladdeboka mi, seier regissør Hallvar Witzø til NFI.no.

«Tuba Atlantic» var eksamensfilmen hans i 2010.

LES OGSÅ: Norsk filmstudent kan få Oscar

– Det er ein fantastisk prestasjon av ein studentfilm å bli nominert til ein ordentleg, ekte Oscar. Nominasjonen er først og fremst ei stor fjør i hatten til teamet bak filmen. Eg ser det òg som ein heider av den jobben vi gjer med studentane på Den norske filmskolen, seier dekan ved Den norske filmskolen, Thomas Stenderup. 

Stumfilm
Lista over filmane som er nominert til Oscar-utdelinga i år, vart lagt fram i Los Angeles tysdag.

Filmane «Hugo Cabret» og «The Artist» leiar an med elleve og ti nominasjonar kvar.

Den franske svart-kvitt-filmen «The Artist» har gjort stor suksess og er den første stumfilmen på nesten 80 år som er nominert til den gjeve Oscarstatuetten. Filmen er nominert i til saman ti kategoriar, mellom anna for beste film og for beste regi. Skodespelar Jean Dejardin er nominert i klassa for best mannlege hovudrolle, medan Bérénice Béjo er nominert til beste kvinnelege birolle.

Martin Scorseses 3D-eventyr «Hugo Cabret», om den foreldrelause guten Hugo som bur på ein togstasjon i Paris på 1930-talet, har heile elleve nominasjonar i år, mellom anna for beste film og beste regi.

I alt ni filmar konkurrerer om Oscarstatuetten for beste film.

Streep og Clooney
Meryl Streep blir rekna som den store favoritten til å vinne kategorien for beste kvinnelege hovudrolle for tolkinga av den tidlegare statsministeren i Storbrittania, Margaret Thatcher, i «Jernkvinnen».

LES SISTE FILMNYTT HER!

Men ho får konkurranse frå mellom andre Michelle Williams, som portretterer Marilyn Monroe i «My Week with Marilyn», og Rooney Mara for tolkinga av Lisbeth Salander i «The Girl with the Dragon Tatoo».
I kategorien beste mannlege hovudrolle konkurrerer George Clooney («The Decendants») med kameraten Brad Pitt («Moneyball») og tidlegare nemnde Jean Dejardin («The Artist»).

Max von Sydow
I kategoriane for beste mannlege birolle er mellom andre svenske Max von Sydow nominert for innsatsen i «Ekstremt høyt & utrolig nært». Han får konkurranse av mellom andre Kenneth Branagh i «My Week with Marylin» og Jonah Hill i «Moneyball».

Mellom dei nominerte i kategorien beste kvinnelege birolle er Tilda Swinton i «Vi må snakke om Kevin», Octavia Spencer i «Barnevakten» og Bérénice Béjo i «The Artist».

Oscar-utdelinga finn stad i Los Angeles 26. februar og er den 84. i rekkja. Den amerikanske komikaren Billy Crystal vil leie showet for niande gong. (©NPK)

Sjå utdrag frå Tuba Atlantic her!