Handfri mobil er like trafikkfarleg som handhalden i trafikken.

NPK
NPK

Det kan dessutan sjå ut til at bilistar flest ikkje respekterer forbodet mot å handtere mobiltelefonen når dei sit bak rattet. Kampanjar og større bøter har berre mellombels effekt før folk igjen har éi hand på rattet, mobiltelefonen i den andre.

Statens väg- och transportforskningsinstitut (VTI) har laga ein rapport som konkluderer med at handfripåbodet i Sverige, Noreg og Danmark ikkje har hatt nokon effekt på ulykkestala.

VTI meiner éi av forklaringane er at forbodet gjeld berre handhalden mobil og ikkje all mobilbruk, skriv den danske avisa Politiken. For reaksjonstida aukar i kritiske situasjonar òg for den som snakkar i handfri mobil, slår VTI fast. (©NPK)

 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

Kommentarar

ANNONSE