Ein harry-elitist snakkar ut

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Eg skulle naturligvis ha bedt om unnskyldning for lenge sidan. Det gjorde eg ikkje. Og det ber eg om unnskyldning for.

Fordi eg har venta så lenge med å be om unnskyldning, så er eg no den einaste i Norge som ikkje har bedt om unnskyldning for noko som helst etter Spellemannprisen. Det er pinlig og ugreitt. Og det ber eg naturligvis om unnskyldning for.

Når eg ikkje har bedt om unnskyldning før, så er det først og fremst fordi eg ikkje har hatt noko å be om unnskyldning for. Det er naturligvis ikkje ei unnskyldning. Det veit eg godt. For det er jo ikkje noko problem å skaffe seg noko å be om unnskyldning for. Det er berre å seie noko eller gjere noko utan å tenke seg altfor godt om først. Fuglane skal vite at det har eg gjort før. Og det kunne eg naturligvis også gjort denne gongen også.

Men det gjorde eg altså ikkje.

Først og fremst fordi eg ikkje såg Spellemannprisen. Og det beklager eg på det sterkaste. Eg var i ein middag då programmet blei sendt. Det er sjølvsagt ikkje ei unnskyldning, eg veit det. Men slik var det i alle fall. Der satt eg og åt mat og prata tull og slappa av og trudde alt var greitt. Først dagen etter fekk eg vite kva som hadde skjedd. Og då såg eg jo at alt dette kunne eg meint noko om. Lett. Eg er mot rasisme. Eg er mot kvinnediskriminering. Eg er mot overreaksjonar. Eg kunne meint noko om alt.

Men eg gjorde altså ikkje det.

Mellom anna fordi eg såg at andre allereie hadde meint alt det eg kunne meint. Og så tenkte eg at då er det berre dumt om eg kjem og meiner det same ein gong til.

Det er naturligvis heller ikkje ei unnskyldning. Det at noko allereie er meint, stoppa jo ikkje alle dei andre som meinte noko om Spellemannprisen. Og det har heller aldri stoppa meg før. Eg skulle meint noko. Eg kunne meint noko.

Men eg gjorde det altså ikkje.

Og det er jo ikkje berre det at eg er mot rasisme og kvinnediskriminering og overreaksjonar. Nei, eg har dei beste føresetnader for å meine noko kjapt og enkelt om absolutt alle sider ved denne saka. Debatten etter programmet begynte jo ganske snart å handle om by mot bygd, kulturelite mot harrykultur. Og der er eg jo overkvalifisert. Eg kjem frå ei bygd og bur i ein by, eg har skrive bok om harrykultur, og eg tilhøyrer sikkert kultureliten sidan eg ikkje har fast arbeid og av og til drikk kaffi med mjølk. Eg kunne uttalt meg om alt i denne saka. Eg kunne som bygde-harry sagt noko kjapt og enkelt om kva som eigentlig rører seg på grasrota i bygde-Norge, sjølv om eg ikkje har budd der dei siste tjue åra. Og så kunne eg, som god by-elitist, sagt at denne saka naturligvis ikkje har noko som helst med elitisme å gjere, og forresten har eg aldri høyrt om Plumbo før. Så kunne eg tømt ei alkoholeining i hovudet på meg sjølv.

Gjorde eg noko av dette?

Nei.

Kvifor ikkje? Fordi andre hadde sagt alt dette, fleire gonger? Det er som sagt ikkje ei unnskyldning.

Eg har ingen gode forklaringar. Det blei berre ikkje slik. Eg er berre ein enkel bygde-harry som har flytta til byen og blitt ein enkel elitist. Eg er ikkje vant til dette oppstyret og tempoet. Eg følgde ikkje godt nok med.

Eg skal prøve å gjere det godt igjen i kveld. Eg skal seie noko utan å tenke meg om først, reagere kraftig på det, be om unnskyldning, skjelle ut meg sjølv, tømme alkohol i hovudet på meg sjølv, be om unnskyldning, gå og legge meg og våkne opp full av anger.

Eg veit det er for lite og for seint. Men det er alt eg kan gjere no. Eg beklagar.

Denne kommentaren stod først på trykk i Aftenposten 20. januar.