Hekser, Patti Smith og Jon Fosse

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Patti Smith på Samlaget

Samlaget har nettopp kome med vårkatalogen sin. I februar kjem Jon Fosse med romanen Olavs draumar. Boka er ein fri oppfølgjar til Andvake frå 2007.

– Med eit enkelt og ladd språk skapar Fosse ei lysande skildring av kjærleiken mellom to unge menneske, skriv Samlaget i ei pressemelding.

I mars kjem den sjølvbiografiske boka Just Kids av Patti Smith, i Brit Bildøen si omsetjing. Boka skildrar forholdet mellom kunstnarane Patti Smith og Robert Mapplethorpe, og miljøet dei var ein del av i New York. Den prisvinnande boka er ein uvanleg kunstnarbiografi, og gjev eit tidsbilde frå Hotel Chelsea på slutten av 60-talet og starten av 70-talet.

Jubilerer
Ragnar Hovlands 60 årsdag vert feira med stor fest i Losjen i Bergen 23.3. I samband med feiringa gir Samlaget ut ei bok om jubilanten, av Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Boka er ingen biografi, men gjev oss ein guide til Hovland frå boots til briller.

50-årsjubilant Brit Bildøens Litterær salong kjem i pocket i slutten av januar – ein inspirerande leseguide til bøker av kvinnelege forfattarar. Agnes Ravatns Stillstand og Folkelesnad kjem også i pocket. Det same med Rune Timberlids populære vestlandskrim, Sanct Svithuns gåte.

Hekser
Samlaget har tre barnebokdebutantar denne våren, Elin Grimstad med biletboka Månen som ville lyse som sola, Kari Smeland med Familien Kråkestup og nyset i nabohuset og Siv Østrem Peersen med Ulvetone.

Danske Lene Kaaberbøl kjem med ny, spennande serie, Villheks. Kaaberbøl er mellom anna kjend som forfattaren bak den populære Skammarserien, og skriv også krim for vaksne.

Aina Basso er klar med sin tredje historiske roman. I ungdomsboka Inn i elden er temaet hekseprosessane, og handlinga er lagt til Finnmark på 1600-talet.

I mars kjem det ei ny bøk i Cherub-serien av Robert Muchamore, bok fem: Heilag galskap. Brittiske Muchamore er tidlegare privatettetterforskar, og skriv drivande spennande bøker for aldersgruppa 10 +. Muchamore har selt 4 millionar bøker på verdsbasis.