Klimapartnarane har lite tolmod

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utolmodige på klimameldinga

På fireårsdagen for signeringa av klimaforliket er dei tre partnarane skuffa og utålmodige. Dei meiner regjeringa ikkje har lagt fram konkrete og truverdige tiltak som taler for at målet kan bli nådd.

I forliket heiter det at Noreg skal kutte utsleppa sine av klimagassar med 30 prosent av 1990-nivået innan 2020. To tredelar av desse kutta skal takast på heimebane, sjølv om kostnadene er mykje større enn om pengane vart satsa i utviklingsland for å oppnå den same reduksjonen.

– Forliket vart inngått i 2008. No er ein tredel av tida gått, og utsleppa er like store. Nye tiltak blir dyrare for kvar dag som går. Reint tidhøveleg blir det snart ikkje mogleg å komme i mål, seier Nikolai Astrup i Høgre. (©NPK)

 

Kva meiner du ein bør gjera for å kutta utsleppa i Noreg monaleg?