Vetle kan gi deg nye vener

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For fem år sidan skipa Vetle Søraas Valebjørg nettstaden aktivitetsvenner.no. No har kring 12.000 personar laga seg ein profil på sida.

På nettstaden kan du søkje etter personar som har dei same interessene og hobbyane som deg, og de kan avtale å møtast nærmare. Valebjørg meiner potensialet for ein slik nettstad er stort og at det kan vere nyttig for mange i ulike situasjonar.

Ville hjelpe
– Vener flytter, par går frå kvarandre, du sjølv flytter eller du vil til dømes byrja med ein ny hobby. Det er mange moglegheiter med ei slik teneste, men førebels er det ikkje så mange som veit om sida, seier Valebjørg.

Sjølv studerte han ved NTNU i Trondheim då han skipa nettstaden. Han såg at studievener flytta frå byen og trengde nye nettverk. Etter enda studietid flytta mange til nye byar.

– Ein treng ikkje vere venelaus for å nytta tenesta. Det hjelper til dømes ikkje å ha tusen vener i Oslo, om ein har byrja i ny jobb i Ålesund, seier Valebjørg.

Flest jenter er med
Tal frå aktivitetsvenner.no syner at heile 45 prosent av dei som bruker tenesta, er under 30 år. Til saman er det 12.000 brukarar, derav 60 prosent jenter. Av dei 5900 personane som er under 30 år, er det 3900 jenter og 2000 gutar. Dei yngste brukarane er 14 år.

Tenesta er førebels gratis. Sida blir finansiert av annonsar.

– Etter kvart kan det verte aktuelt å ta betalt for einskilde teneste, men å ha ein profil skal framleis vere gratis, seier Valebjørg.

Vil ha med 20.000
Kva for tilbakemeldingar har de fått så langt?

– Mange seier at dei har sakna ei slik teneste og at dei likar konseptet. Mellom anna har det vorte populært blant aleinemødrer som ynskjer å møte andre i same situasjon, seier Valebjørg.  

Det siste året har talet på brukarar auka frå 9.000 til 12.000. I løpet av 2012 er målet å nå 20.000.

– Vidare er målet å lage meir innhald på sida og få spreidd det slik at fleire kan treffe andre og ha det gøy. Vi jobbar òg med å få den lansert i andre land, seier Valebjørg.