Lesevanskar = trygdemottak?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om problemet er mest vanleg blant gutar, ser det ut til at jenter som strevar med lesing og skriving, møter dei største hindera når dei skal ut i arbeidslivet, seier doktorgradsstipendiat i samfunnsmedisin Kristine Pape til Adresseavisen.

I studien hennar er 8.500 nordtrønderske ungdommar følgt gjennom rundt ti år, frå ungdomsskole- og vidaregåande og fram til dei var mellom 24 og 28 år.

Studien viser at problema startar tidleg. Blant gutane som hadde skrive- og lesevanskar i skolen, hadde 23 prosent gått minst 180 dagar på trygd, sjukepengar eller sosialstøtte ti år seinare. For gutar som ikkje hadde lese- og skrivevanskar i skoletida, var talet 16 prosent.

Blant jentene var skilnadene større: Vel 35 prosent av dei som hadde hatt lese- og skrivevanskar, hadde fått støtte til livsopphaldet gjennom lang tid, mot 20 prosent blant dei utan slike problem.

Det dreier seg om alt frå arbeidsløysetrygd og sosialstøtte til sjukepengar og uføretrygd. Blant jenter med lese- og skrivevanskar fekk 21 prosent ytingar på medisinsk grunnlag, blant gutane 11 prosent.

– Lese- og skrivevanskar er ingen diagnose. Men vi veit at desse problema ofte går saman med åtferdsvanskar, angst og depresjon, seier Pape.

Rundt ti prosent av skoleungdommen har lese- og skrivevanskar. (©NPK)