Ulukkesdagen ikkje så uheldig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nokre av oss ynskjer å hoppa over denne dagen. Meir enn kvar tredje nordmann meiner sjølv han er overtruisk.

Ingenting å frykta

No syner tal frå Tryg forsikring at det likevel ikkje er nokon grunn til å frykta fredag den 13.

– Det skjer faktisk færre skadar denne dagen enn ein kva som helst annan dag, fortel pressetalskvinne i Tryg Forsikring, Heidi Tofterå Slettemoen.

Det er lite i forsikringsselskapet sine skadestatistikkar som seier at fredag den 13. er ein spesielt uheldig dag.

Færre skadar

– Generelt skjer det fleire trafikkuhell, reiseskadar, tjuveri og innbrot fredagar enn andre dagar i veka, men dette har lite med magi og forbanningar å gjera, men skuldast at både trafikken og aktivitetsnivået er større fredagar enn andre vekedagar.

Selskapet sine analysar syner at talet bilskadar fredag den 13. ligg 16 prosent under snittet for ein vanleg dag, medan talet reiseskadar ligg 2,5 prosent under snittet.

– For andre skadetypar ser me ingen spesielle utslag, seier Tofterå Slettemoen, som lurer på om dette er eit uttrykk for at me er meir varsame denne spesielle dagen.

Les artikkelen i Avisa Hordaland her.