Opprør meg! Please!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit godt alternativ til å vere sint, sær, alternativ og opprørsk, er å irritere seg over at andre ikkje er sinte, sære, alternative og opprørske.

Vi er einige om nesten alt i Norge. Men vi synest jo det hadde vore stas om nokon kunne vere ueinig. Ein eller annan. Kan det vere for mykje å be om?

Sjølv har vi ikkje så veldig lyst. Og når vi kjenner etter, så er vi jo ikkje verken særlig sinte, sære eller alternative. Men vi synest jo at nokon burde vere det. Vi er mange i Norge som er einige om at vi ønsker oss nokon som er ueinige med oss. Vi er mange i Norge som ønsker oss fleire avvikarar.

Du ser det i dekninga av amerikanske valkampar. Norske USA-korrespondentar siklar når dei rapporterer heim om amerikanarar i papirhattar som heiar på sjuke politikarar som trur på ufoar og samanliknar homofili med dyresex.

Det er ikkje mykje slikt i norske valkampar, tenker vi. Det er ikkje mange sprut galne abortmotstandarar som ser på Polen som ein trussel og meiner at det er Gud sjølv som har bedt dei stille til val.

Nei då, i norske parti er alle snille og velmeinande og for velferdsstaten og sitt i komitear og drøftar og inngår kompromiss som alle meir eller mindre er einige i.

Og vi er jo meir eller mindre einige i desse kompromissa, det er ikkje det. Og vi meiner for all del ikkje noko som liknar på det dei sjuke amerikanske kandidatane meiner. Tvert imot.

Men kunne ikkje nokon andre meine slike ting? Kunne vi ikkje fått eitt og anna utskot i norske politiske parti også? Det hadde vore fint om nokon kunne irritere oss litt.

Vi kjeder oss, nemlig.

Og du ser det i den vesle diskusjonen som har vore den siste veka om norske artistar som har blitt så snille og reinslige og pyntelige og berre er opptatte av å vere på tv og halde seg inne med kronprinsparet.

Kvar har det blitt av opprøret, spør vi, vi som har blitt litt gråe i håret. Sjølv har vi aldri drive med slikt, naturligvis, men nokon andre burde absolutt gjere det.

Før var det litt opprør i rocken. Den gongen då dei fire store regjerte. Den gongen stilte ikkje rockarane opp til koseprat i «Senkveld» på TV2! Det skal vere sikkert og visst.

No kan ein sjølvsagt seie at den gongen fanst ikkje «Senkveld» på TV2.

Den gongen fanst ikkje TV2 i det heile tatt, faktisk.

Det var berre ein tv-kanal den gongen, og på den kanalen var det ingen program som likna på «Senkveld» eingong.

Men likevel då gitt!

Poenget er at dersom det hadde eksistert noko som likna på «Senkveld» den gongen, så kan du banne på at rockarane ville ha takka nei.

Og slottskonsertar? Ja, ha, ha! Det skulle tatt seg ut.

No var det rett nok ikkje konsertar på slottet på den tida, men det var ikkje fordi kong Olav ikkje ville. Lang ifrå! Kong Olav skulle gjerne invitert til slottskonsert han. Det var ingenting han heller ville. Men han vågde ikkje. Han visste at dersom han hadde ringt rockarane den gongen og spurt om dei ville spele på slottet, så ville rockarane svart: «Laffen, det kan du berre ta lang rennafart og drite i.»

For slik var rockarane den gongen. Dei gav faen, brukte narkotika og spytta på gata. Nokon kallar det barnslig, vi kallar det integritet.

Og dette visste sjølvsagt makthavarane. Det var derfor dei aldri ringde rockarane. Dei satt i slotta sine og frykta for framtida. «Min beibi dro av sted i en blå folkevogn» sang rockarane på radioen, og kongen og regjeringa skalv i buksene og forstod at her var det opprør på gang.

Bortsett frå at det nesten ikkje blei spelt rock på radio på den tida, sjølvsagt.

Sjølv spyttar vi aldri på gata, naturligvis, og vi oppfører oss stort sett pent når nokon ringer til oss. Det skulle eigentlig berre mangle. Vi er vaksne follk. Men betyr det at alle andre må vere det?!?

Andre folk kan då vel spytte på gata og gi faen. Og oppføre seg rebelsk. Og vere heilt på sida. Og meine sjuke ting.

Det er det einaste vi ber om. Er det for mykje?

For vi sitt her nemlig og kjenner oss så utrulig kjedelige.

Og det må nokon snart ta ansvar for å få gjort noko med.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten.