Kritiske til Telenor og NRK
Ordførarar med kritikk då dei møtte statsministeren i dag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Båe dei to telegigantane måtte tole kritikk under den to timar lange oppsummeringa etter "Dagmar" i Statens Hus i Leikanger.
Voldaordføraren fortalde om sine erfaringar med Telenor gjennom krisedagane i romjula. – Eg forsøkte oppnå kontakt med operatøren, men måtte nøya meg med to 20 minuttars omgangar med julemusikk, seier ordføraren i sunnmørskommunen, og konkluderer: – Telenor var rett og slett utilgjengelege.
Ikkje P1
Jon Aasen, fylkesordførar i Møre og Romsdal, formidla sine erfaringar med NRK.
– Eg fekk berre inn P3, ein ungdomskanal, men ingen P1, som alle etterspurte, seier han, og meiner å vita at NRK har ståande instruks på å stilla P3 til rådvelde for P1 når krisa inntreff.
Ordførarane understreka kor viktig det er at NRK har kanalar ut til lydarane.
– Det er heilt avgjerande å koma ut med melding om at folk må halda seg inne, seier Jon Aasen, då kan ikkje NRK nøla med å skubba ut ein P3 som har null verdi i den stunda.
Skjerpa krav
Direktør Torstein Olsen i Post- og teletilsynet varsla ved bordet at etaten kom til å leggja skjerpa krav på aktørar med konsesjon for å driva.
– Me er kjempeavhengige av mobilnettet, seier han, og vedgår at "Dagmar" har vore ein kraftig vekkjar. Han seier at krava til Telenor er altfor generelle slik dei er utforma i dag. – Basestasjonar i u-land er betre rusta enn våre, seier han, og varslar at etaten i neste veke skal samanfatta sine konklusjonar og senda dei over til departementet. – Dei treng ikkje rekna med at den ekstra innsatsen dei vert pålagde på dette feltet skal finansierast over offentlege budsjett, seier Torstein Olsen.
Fokus
Statsminister Jens Stoltenberg konstaterer at teleberedskapen er høgt oppe på alle dagsordenar etter stormen i jula.
– Me ser det blir kraftig understreka at det er behov for å skjerpa kravet på dette feltet, seier statsministeren.
Synspunkt
På møtet fekk kommunar og fylkeskommunar høve til å formidla synspunkt på sine erfaringar frå krisedagane. Dei var på plass i Statens hus i Leikanger då statsministeren kom frå Sogndal, der han fekk sjå korleis innsatsen har arta seg i felten. Jens Stoltenberg seier det ikkje var anna enn å venta at svært mange stilte spørsmål ved nettet, som synes vera svært sårbart i ein slik situasjon.
Ordførar Sven Flo frå Stryn og ordførar Morten Hagen frå Vågsøy, samt voldaordførar Arild Iversen, gav statsminister Jens Stoltenberg nyttige poeng i sine oppsummeringar. – Dei har viktige erfaringar å formidla, seier Jens Stoltenberg til Sogn Avis, og forstår at folk i Nordfjord og på Sunnmøre har stått på for å avhjelpa krisa. – Mange bygder er hardt råka, seier Jens Stoltenberg, som er imponert over dugnadsinnsasten og folks evne til å handla.
Hjelp
Det siste understreka også fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som var ordstyrar under møtet. – No må me sjå på kva omfang skadene har, her må storsamfunnet koma oss til hjelp, seier Åshild Kjelsnes.
Til stades på møtet var ni hardt prøvde kommunar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Også dei tre fylkesmennene var til stades, samt fylkesordførarar, fylkesberedskapssjefar, forsvaret og sentrale etatar som NVE, DSB, Post- og teletilsynet og Helsedirektoratet.
Behov
Ordførarane i Vågsøy og Stryn understreka behovet for oppegåande kommunikasjon. Når denne svikta i krisetimane, måtte dei finna nye kanalar å henta kommunikasjon i.
– Me fekk tilgang til satelitt-telefon ombord i ein fiskebåt som låg inne, seier Morten Hagen, ordførar i Vågsøy. I Stryn blei det kommunen sine mange Røde Kors-lag som forløyste behovet for kommunikasjon.
– Me fekk kontakt med innbyggjarane våre gjennom Røde Kors-grupper som gjekk på, dørane til folk og konstaterte at alt var bra, seier Sven Flo, ordførar i Stryn.
Sistnemnde er klar på dette: – Telekommunikasjon er heilt naudsynt, internett var nede, beredskapen må opp på dette feltet.