– Difor blir det ikkje samanslåing

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er her hunden ligg gravlagt, sa BI-professor Rune Sørensen til tilhøyrarane på årskonferansen til NHO i dag.

– Grunnen til at småkommunane ikkje er interessert i samanslåing, det er fordi dei små kommunane er rikare, påpeika han.

Han tilbakeviser at det er småkommune-romantikk som er årsaka til motstanden mot kommunesamanslåingar, og viser til at også dei større kommunane som er rike har stor motstand mot samanslåing.

– Øydelegg effektiviteten
Rune Sørensen er sjølv for kommunesamanslåingar, og meiner det er mogleg for fleire kommunar å spara store pengar på å slå seg saman. Teknisk sektor og administrasjon er det lettast å spara, ifølgje han. Han er også uroa for det demokratiske underskotet i interkommunale selskap.

Men for små og rike kommunar vil i mange tilfeller effektiviseringa vera mindre enn bortfallet av inntekter ved ei samanslåing, ifølgje Sørensen.

Han ser ikkje for seg at det vil bli gjort noko med kommunestrukturen dei nærmaste åra. Til det er alternativa for upopulære, meiner han.

Sjå video frå foredraget hans her!

– Like tilfredse
Fleire undersøkingar har vist at folk i dei små kommunane er mest nøgd med dei kommunale tenestene. Sørensen har undersøkt desse, og korrigert for inntektsforskjellar. Då fann han ut at større kommunar er like tilfredse som i dei minste kommunane. Unntaket er storbyane som likevel er mindre nøgde.

– Folk i storbyane er vanskelegare å gjera tilfredse, dei er både yngre og høgare utdanna, og difor meir storforlangande.

LES OGSÅ: – Kan spara 29 milliardar på effektiv drift

– Treng fagfolk
Knut Aarbakke, leiar for Akademikarane deltok også på årskonferansen.

– Eg er positiv til samanslåing. Skal kommunane klare alle dei store arbeidsoppgåvene som kjem, så treng ein større kommunar, sa han.

Han meiner det er lettare å rekruttera fagfolka ein treng i større kommunar.

– Den viktigaste grunnen til at folk søkjer seg til ein jobb, er at dei kjem til eit fagmiljø. Det er viktigare enn løn. Der vil dei mindre kommunane ha mindre å stilla å opp med, understreka han på konferansen.

Stoltenberg seier nei
NHO-sjef John G. Bernander har sendt eit brev til regjeringa der han spør etter ein offensiv for kommunesamanslåingar. Ifølgje NHO vil dette gje auka effektivitet, betre ressursutnytting og raskare utbygging av veg- og baneprosjekt.

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) avviser blankt bøna til NHO om tvungne kommunesamanslåingar.

– Eit breitt fleirtal på Stortinget meiner kommunesamanslåingar bør skje frivillig. Det er ei klok tilnærming, sa statsministeren då han møtte pressa i samband med årskonferansen til NHO i Operaen torsdag.

Stoltenberg gav ingen indikasjonar på at Arbeidarpartiet ønskjer å teikna kommunekartet på nytt i neste periode.

– Å teikna kartet frå Oslo har så langt ikkje vore vår linje. Det vil berre bidra til å låsa frontane endå meir, seier han ifølgje NPK.

Bør det betre gulrøter til for å få til fleire kommunesamanslåingar?