Det er trygt å fly

2011 hadde færre flyulykker enn nokon gong i luftfartshistoria.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av 38 millionar flygingar i 2011 blei det berre registrert 25 ulykker som kosta til saman 497 menneskeliv, viser ein rapport frå konsulentselskapet Ascend, som overvakar flyindustrien.

Det svarar til ei dødsulykke for kvar 1,52 millionar flyging, noko som gjer fjoråret til det tryggaste nokon gong.

I 2010 omkom 828 menneske i 28 flyulykker, og nedgangen var derfor markant i fjor.

2,8 milliardar menneske tok fly i fjor, og dei fleste dødsulykkene skjedde med småfly, viser Ascends oversikt.

– Dei fleste ulykkene involverte små, lokale flyselskap, som truleg er ukjente for dei som ikkje bur i områda der dei opererer, seier Paul Hayes i Ascend.

Oversikta til konsulentselskapet viser at det er aller tryggast å fly i Australia, USA og Vest-Europa, følgt av Latin-Amerika, Afrika og landa i den tidlegare Sovjetunionen. (©NPK)