Låg aktivitet i norsk industri
Aktivitetsnivået i norsk industri er på det lågaste nivået på to år.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den såkalla PMI-indeksen som måler aktivitetsnivået i industrien, fall i den siste månaden i fjor til 46,6, mot 48,5 i november, skriv DN.no. Dette er det lågaste nivået sidan oktober 2009, ifølgje Danske Markets.
– Tala tyder på at ordreinngangen fall dramatisk i fjerde kvartal. Dei ikkje-sesongjusterte tala viser at det særleg er eit fall i indeksen for ordreinngang frå eksportmarknaden som dreg ordreindeksen ned, skriv sjeføkonom Frank Jullum i ei pressemelding.
Det var berre 5 prosent av bedriftene som kunne melde om auka ordreinngang i desember. At sysselsetjingsindeksen låg uendra på 44,7 prosent, kan tyde på at fleire bedrifter førebur nedbemanningar. Kvar fjerde bedrift varslar færre tilsette, ifølgje investeringsbanken. (©NPK)