Blodig spenning frå Bruheim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bok: Blod på hendene
Forfattar: Magnhild Bruheim
Forlag: Samlaget, 2011

Førre gong var det tvangsekteskap og æresdrap det gjaldt, denne gongen er det pelsindustri, dyreaktivisme og mobbing. Blod på hendene er den fjerde boka om dei to jentene Kami og Bente.

Kari Marie Eiker (Kami blant vener) har blitt med i ei aktivistgruppe som kjempar mot pelsindustrien. Om nettene bryt dei seg inn på pelsdyrfarmar for å finne dokumentasjon om dyr som lir. Det er verken ufarleg eller lovleg.  Etter ein aksjon blir Kami kontakta av ein mann som følgjer med på alt ho gjer. Situasjonen hennar blir stadig meir trugande.  Magnhild Bruheim går rett på sak når ho byrjar historia i boka. Du blir riven med allereie frå første side. Første kapittel fortel om ein aksjon retta mot ei dame som nettopp har kjøpt seg ei pelskåpe, medan andre kapittel fører lesaren rett inn i ein aksjon:  «Natta er kolsvart og iskald. Kari Marie Eiker høyrer skorne knirke mot snøen. Umogleg å røre seg heilt lydlaust. Men det finst neppe eit menneske på lang avstand her inne i den djupe skogen».

På denne måten blir lesaren ført rett inn i den fartsfylte historia, og det er vanskeleg å leggje boka frå seg før siste punktum er sett. Du må bare finne ut kven mannen som trugar Kami er.  Er forresten Johan like interessert i Kami som ho er i han? Eller er det bare spenninga og kampen mot pelsdyroppdrett som opptar han?  Magnhild Bruheim set fokus på eit aktuelt tema. Ho gjer det utan å ta parti med verken aktivistar eller pelsdyroppdrettarar. Ho set også fokus på media si makt, på mobbing og på kva mobbing i ytterste konsekvens kan føre til.

Som i den førre boka, På flukt, leverer Bruheim spenning frå første til siste side. Ho evnar også å skildre stemningar i menneske, situasjonar og natur som er elegant og lettfatteleg. Absolutt ei bok å krype under teppet med i juleferien.

Denne meldinga stod først i Magasinett!