Fleirtal vil leita etter meir olje
Berre 13 prosent av norsk ungdom vil stoppa leiting etter nye oljefelt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
34 prosent av ungdom mellom 15 og 24 år er heilt usamde i å slutta med oljeleiting i norske farvatn. 23 prosent er ganske ueinig i dette. Dette viser resultata frå ei Opinion-undersøking blant norsk ungdom i alderen 15-24 år i desember, på vegne av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner. 607 ungdommar har deltatt i undersøkinga som Framtida.no har fått tak i bakgrunnstala til.
Til samanlikning er det berre fire prosent av ungdommane som er heilt einig i at Noreg bør slutta å leita etter nye oljefelt, og ni prosent er ganske einige i dette.
– Nøydde til å kutta
Ola S. Elvevold, leiar i Natur og Ungdom, seier dette til tala frå undersøkinga:
– Dette viser at me har ein jobb å gjera. Oljelobbyen har vore flinke, og gjeve eit inntrykk av det blir ei krise viss ikkje Noreg leitar etter meir forureinande olje.
QUIZ: Ta den store klimaquizen her!
– Det som er saka er at dei vil ha ei utviding av oljeindustrien, i staden for at Noreg byrjar på det me er heilt nøydde til å gjera: å leggja om. All klimaforsking tilseier at ein må gjera noko for å kutta utsleppa, for å hindra store klimaøydeleggingar, seier Elvevold.
Moralsk ansvar
– Det spørsmålet ein må stilla seg er: kven skal ta ansvaret. Ein veit det er ein del land som vil byggja ut oljeindustrien sin. Skal me seia at andre land ikkje får byggja ut oljeindustrien sin? Det er djupt umoralsk å seia til dømes til Ghana at dei ikkje får byggja ut, men at me, som har heldt på i fire tiår, skal halda fram med å utvida, understrekar Elvevold.
I undersøkinga går det fram at 70 prosent av norsk ungdom meiner Noreg har eit moralsk ansvar for å kutta i klimautsleppa på heimebane, og nesten 80 prosent av ungdomane meiner at menneskelege handlingar er ei viktig årsak til klimaendringane.
Kva meiner du Noreg bør gjera for å kutta i klimautsleppa? Skriv i kommentarfeltet!