Jaså, du kan ikkje komme frå?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Jaså, du kan ikkje komme frå?

Det eg liker best med nyttårsaftan – i tillegg til at det er fødselsdagen min og eg får gåver og oppvarting og forsikringar om at eg held meg godt – er at nyttårsaftan er ein av dei dagane i året då det er aller vanskeligast å unngå ein fest.

Du ser at dei slit, dei som skriv i aviser i desember også. Dei som skriv i aviser har jo nokre ting dei må innom i desember: Regjeringas karakterbok, der dei politiske journalistane prøver å lure oss til å tru at dei faktisk veit kva fiskeriministeren driv med inne på kontoret sitt heile året. Råd og tips om juleribba. Listene der musikk-kritikarane i denne avisa fortel at dei liker akkurat dei same ti platene som kritikarane i alle dei andre avisene, nemlig dei platene der vokalisten har skjegg. Nyheitene om at det kanskje kjem til å bli tomt for julemat i butikkane i år igjen. Råd og tips for folk som vil ha ei annleis jul. Og så, og her slit dei: Råd og tips for folk som vil ha ei annleis nyttårsfeiring, folk som synest det blir krampaktig med all denne klemminga og all denne sjampanjen og sigarane og maten og hyggen, folk som vil vekk frå alt saman.

Vanligvis er det ikkje noko problem å unngå ting som mange er opptatte av, men som du sjølv synest er slitsomt. Om du for eksempel synest det er veldig mykje mas med langrenn i Noreg i vinterhalvåret, så er det ikkje noko problem å unngå det. Det er berre å vere selektiv avislesar. Og la vere å sjå eller høyre på NRK på dagtid i helgane. Eller reise utanlands. Ved siste oppteljing var det i overkant av 190 land i verden der folk er heilt uinteresserte i langrenn. Mange av desse landa er svært hyggelige og har mykje høgare gjennomsnittstemperatur enn Noreg i desember. Reiser du til eit slikt land og seier «Northug», vil folk berre sjå rart på deg. Eller slå deg ned. Eller vise deg vegen til jernbanestasjonen. Eg veit ikkje kva «northug» kan tenkast å bety på alle verdas språk, men det skulle forundre meg veldig om det ikkje er grisete på minst eitt språk. Og betyr «togstasjonen nord i byen» på eit anna.

Du treng forsåvidt ikkje reise utanlands heller. Det er nok av folk som ikkje vil snakke om Northug i Noreg også. Men dette er ofte folk som gjerne snakkar om Karl Ove Knausgård, så det er jo ikkje noko godt alternativ om du vil ha det hyggelig.

Men dersom du vil sleppe nyttår, så er det ikkje nok å reise utanlands. Nyttår blir feira også andre plassar. Og det er mykje fyrverkeri og klemming og synging og sigarar og greier også i andre land, har eg sett. Så kva skal ein skrive då, om ein skal anbefale ei alternativ nyttårsfeiring?

«Kvifor ikkje reise til ein liten landsby i eit land som følgjer ein annan kalender enn vår? Kvifor ikkje legge att telefonen og klokka på rommet og gå deg ein lang tur? Kvifor ikkje finne deg ein stein langt unna folk og sitte der og ikkje vite når klokka passerer midnatt?»

Nei, kvifor ikkje?

På den andre sida: Kvifor? Når så mange vil at du skal feire? Kvifor prøve å unngå det? På denne eine dagen i året då det verkelig må jobbast for å unngå feiringa? Barane og restaurantane er opne. Om du ser ut vinduet ditt, er det sannsynlig at du får sjå folk med papirhattar og glade ustøe menn i dressar dei ikkje har brukt sidan i fjor på denne tida. Og du skal bu skikkelig avsides og ha eit godt lydisolert hus og spele ganske høg musikk og vere tunghøyrt for å ikkje i det minste høyre at det er midnatt.

Og all denne lyden, all denne sjampanjen og sigarane og klemminga, berre for å feire noko såpass lite sensasjonelt som at tida framleis går. Lite sensasjonelt, men veldig fint, om du tenker over det.

Men du kan naturligvis dra til ein landsby i eit land der dei har ein annan kalender. Og der kan du sitte på ein stein og sjå ut i lufta og ikkje ane kva klokka er og tenke «Fytti Northug, her var det fredelig.»

Du om det.

Stod først på trykk i Aftenposten 31. desember 2011.