– Altfor mange kastar feil
Berre gåvepapiret i seg sjølv fyller bosdunkane utanfor norske husstandar, og nesten halvparten av oss kaster papiret i feil dunk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forbruket til den gjennomsnittlege nordmann aukar i desember, julevasken skal gjennomførast, julematen må på bordet og julegåver kjøpast inn, i tillegg pakkar vi inn gåvene vi kjøper.
– I fjor sorterte norske hushald ut 295.000 tonn papir til gjenvinning, noko som sparte miljøet vårt for utslepp av utrulege 442.500 tonn CO2, fortel Øyvind Furulund, sjef for returpapir i Norsk Gjenvinning.
Men, gåvepapiret skal ikkje i same dunk
Furulund viser til ei undersøking gjennomført av YouGov for Norsk Gjenvinning, nesten halvparten av oss kastar gåvepapiret i feil dunk. Det meste av innpakkingspapiret ein får er glansa papir, noko som ikkje høyrer heime saman med avisene og dei tomme mjølkekartongane.
Hos Fretex i Stavanger jobbar opp mot ni tilsette med å plukke julepapir frå anna papir, ifølgje NRK.
– Når forbruket aukar så drastisk i desember månad, er det viktig at vi også held orden på sortering av avfallet. Alt for mange kastar feil, seier Runa Opdal Kerr i Norsk Gjenvinning. Dei tykkjer det er flott at så og seie heile befolkninga deltek i sorteringsdugnaden.
– Men om julepapiret sorterast ut som papir, får vi auka kostnadar til sortering og produksjon, og kvalitetsproblem på nytt papir. Kast det i restavfallet, oppfordrar ho.
Finnast betre alternativ
Heldigvis finst det gode alternativ for dei som ynskjer å ta større miljøomsyn i innpakking. Her er Framtida.no sine miljøtips for innpakking, til jul og andre tilstellingar året rundt.
- Bruk papir som ikkje er glansa, men som er mogleg å gjenvinne. Ofte ser papiret enda finare ut.
- Pakk inn i avispapir!
- Bytt ut plastband med hampetau eller hyssing.
- Bruk innpakkingspapir eller øskjer om igjen, fleire er flinke til dette i dag.
- Bruk kreativiteten!
- Sorter godt… og riktig.
- Ikkje brenn papir eller kartongar, det gir lite energi.
- Ta med deg avfall til returpunktet når du likevel skal forbi.