– Vi treng ein dugnad mot ekstremvêr

Herjingane til Dagmar er berre ein forsmak på ekstremvêret i framtida, meiner fleire ekspertar. No etterlyser dei ein statleg dugnad for å stå betre rusta.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Treng ein dugnad mot ekstremvêr

Leiar for det statleg utnemnde klimatilpassingsutvalet, Oddvar Flæte, seier til Klassekampen at Dagmar har synleggjort fleire problem.

– Vi har ikkje tilpassa oss klimaendringane, og vi har eit stort etterskot på infrastrukturen. Dersom vi skal førebu oss på eit endra klima, må vi først ta igjen dette etterskotet, seier han.

Flæte meiner beredskapen har svikta, og trekkjer fram problema med mobilnettet som eit døme.

– Det held ikkje når teleselskapa seier at folk ikkje kan stola på mobilnettet. Fasttelefon er på veg ut, og vi må ta på alvor at mobiltelefon no er det primære kommunikasjonsverktøyet til folk, seier han.

Flæte meiner at ein statleg dugnad må til for å takla ekstremvêret i framtida og meiner at fellesskapet no må gå inn og ta eit større ansvar. Han meiner at ein ikkje lenger har kontroll over infrastrukturen etter at televerket blei privatisert.

Grete Hovelsrud frå Cicero senter for klimaforskning åtvarar mot konsekvensane av meir ekstremvêr, og etterlyser også meir statleg styring.

– Vi har inga nasjonal styresmakt som har ansvaret for klimatilpassing, og vi har heller ingen retningslinjer for korleis vi skal gjennomføra dei nødvendige endringane, seier ho. (©NPK)