Lettast å byte gåver i romjula

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Har du kjøpt julegåver på nettet, har du 14 dagars angrefrist. Er gåva derimot kjøpt i butikk, kan du ikkje krevje å få byte. Likevel er det mykje godvilje å hente i romjula.

–  Ønskjer du å byte julegåver, gjer det så fort som muleg, helst i romjula. I alle fall om du ikkje har bytelapp eller kvittering, er rådet frå DNBs forbrukarøkonom Silje Sandmæl.

Utan desse små lappane er du nemleg avhengig av godviljen i butikkane for å få byte ei julegåve der givaren kanskje ikkje trefte heilt blink.

– Ikkje vent
Nokre av dei større kjedene operer med eigne angrefristar, og dei aller fleste butikkar er litt ekstra fleksible rett etter jul, men jo lenger du ventar, jo vanskelegare blir det. Og om salet er i gang, kan du ikkje vente å få byte inn til full pris og ta med deg nye varer til lågare pris.

–  Du kan som regel velje å få ein tilgodelapp, men då kan seljar sette som vilkår at den ikkje kan vert nytta på salsvarer, seier Sandmæl.

Er gåva tatt ut og emballasjen skadd, kan det vere nok til at du blir sitjande med noko du kanskje eigentleg ikkje ønskte deg.

Enklare på nett
Sandmæl har ei ekstra trøyst til dei som har gjort eit mislukka gåvekjøp på nettet eller postordre. Då sørgjer nemleg lova om angrerett for at du stiller monaleg sterkare.

–  Ifølgje lova har du fjorten dagar på deg til å returnere ein vare etter eit fjernsal, og moglegheita for å angre gjeld uansett grunn. (©NPK)