– Kjøp ei ekstra julegåve

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei som har arbeid i Noreg, og det er dei fleste, har aldri hatt betre kjøpekraft enn no. Då er det heilt ok at dei som har råd til det, unner seg ei ekstra fin jul og kanskje kjøper ei ekstra gåve til kona og ungane eller tøflar til far, seier Flåthen til VG.

Han meiner nokre ekstra pakkar under treet kan bidra til å halda hjula i gang i ein del produksjonsbedrifter, både i Noreg og Europa, som slit etter ringverknadene av eurokrisa. Men Flåthen strekar under at han ikkje ber folk kjøpa over evne.

– Eg snakkar ikkje om at folk skal brenna av pengar med lånte midlar, det vil eg åtvara mot. Men fordi dei fleste av oss har betre kjøpekraft enn nokon gong, på grunn av låg inflasjon og rente, så er det fint om vi tek oss råd til litt ekstra i år, seier han. (©NPK)