Det kjem fleire byster

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Det kjem fleire byster

Sist veke var det hundre år sidan Roald Amundsen nådde Sørpolen. Dette blei markert ved at Jens Stoltenberg gjekk på ski i mange minusgrader og avduka ei byste av is på Sørpolen.

Dermed går eit jubileumsår mot slutten, og ein kjenner på den store tomheita. Ein blir jo glad i desse bysteavdukingane, ein blir glad i talane om store bragder. Ein blir stolt. Ein ønsker at det kunne vere slik heile tida.

Og det kan det.

For det er ingen grunn til uro. Det kjem fleire år. Dei nasjonale jubilea står i kø i tida framover.

Allereie same veke som Amundsen-året nådde klimaks, begynte det neste jubileumsåret: Thorbjørn Egner-året. 12. desember neste år er det hundre år sidan Thorbjørn Egner blei født. Dette vil bli markert ved at Jens Stoltenberg klagar over at det gjer så vondt i tennene hans. Og avdukar ei byste av ei klatremus i tre.

I 2013 er det hundre år sidan kvinner fekk stemmerett i Norge. Dette vil bli markert med avduking av ei byste av ei kvinne. Det vil også bli markert ved at mange norske politikarar er med på offisielle feiringar av det norske demokratiet, sjølv om dei har mykje meir lyst til å drive valkamp og skulde kvarandre for å påføre kvarandre drapstruslar.

I 2013 er det også åtte år sidan den raudgrøne regjeringa tok over makta. Dette vil bli markert ved at Jens Stoltenberg gir makta til Erna Solberg.

I 2014 er den norske grunnlova 200 år gammal. Dette vil bli markert ved at mange les den norske grunnlova for første gong og spør seg sjølv: I alle dagar, kvifor har vi halde på dette i to hundre år?!? Resten av markeringa blir sterkt forseinka, på grunn av ein langvarig lokaliseringsdebatt etter at fleire ordførarar reagerte på det veldige fokuset på Eidsvoll.

I 2014 er det tjue år sidan Lillehammer-OL. Dette vil trulig bli markert med nostalgisk mimring om den tida då det av og til var fleirtal av utlendingar på resultatlistene i vinteridrettar.

I 2014 er det også tjue år sidan folkeavstemminga om norsk EU-medlemsskap. Dette vil bli markert med meiningsmålingar.

13. mars 2015 er det tre veker sidan forrige gong ein diskusjon om hovudplagg og religion tok heilt av. Dette vil bli markert ved at ein diskusjon om hovudplagg og religion tek heilt av.

I 2036 er det tjuefem år sidan det var smørkrise i Norge. Dette blir markert ved at statsminister Erna Solberg, eller landsmoderen som ho gjerne blir kalla, avdukar eit kilo smør. Akkurat som under Amundsen-året, blir det også gjennomført fleire ekspedisjonar for å heidre innsatsen til folket under smørkrisa. Ein av ekspedisjonane lever heilt utan smør i to veker. Ein annan ikkje fullt så barsk ekspedisjon lever på importert smør. Og den mest kompromisslause ekspedisjonen heidrar minnet om smørmangelåret 2011 ved å avbryte ein lågkarbodiett.

I 2059 blir det markert at det er femti år sidan Carl I. Hagen begynte å trekke seg tilbake frå norsk politikk. Hagen, som framleis er aktiv i lokalpolitikken som nestleiar i samferdselsutvalet i Alfaz del Pi kommune, vil markere dagen ved å true med å trekke seg tilbake frå politikken viss han ikkje får ein statue i heilfigur på torget i minst fem norske byar.

I 2112 er det hundre år sidan Oslo sette i gong ny utgreiing av Munch-museum. Dette vil bli markert ved at politikarane sett i gong ei ny utgreiing av Munch-museum, med sikte på at det nye museet skal stå ferdig til tohundreårsjubileet i 2212.

I 2211 er det tre hundre år sidan Amundsen nådde Sørpolen og to hundre år sidan Jens Stoltenberg avduka ei byste av is. Dette vil bli markert ved at bysta smeltar.

I 2212 er det Egner-år…

Denne artikkelen stod på trykk i Aftenposten 17. desember.