Mannen er hovding i heimen
Mannen skal bestemme i heimen, meiner norske ungdommar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er The Nordic Youth Study som har henta inn svar frå 14.000 nordiske elevar i den vidaregåande skolen.
Elevane skulle blant anna ta stilling til ein påstand om at mannen i eit heterofilt ekteskap er å rekne som overhovudet i heimen. I snitt var 30 prosent einige i det.
– Det er forbausande mange, seier forskar Tormod Øia ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (Nova). Det er Øia som har gjort undersøkinga.
Variasjonane frå land til land er store. Prosentdelen gutar som meiner at mannen skal bestemme i heimen, varierer frå 56 prosent i Finland til 29 prosent på Åland.
I Noreg seier 31 prosent av dei spurde seg litt eller sterkt einige i påstanden, mens ikkje mindre enn 44 prosent av gutane meiner at mannen er overhovud i heimen. Berre 18 prosent av jentene er einige i det.
Undersøkinga viser at dei aller fleste – uavhengig av kjønn – meiner at kvinner og menn bør ha like rettar. Det gjeld for godt over 90 prosent av jentene og i underkant av 90 prosent av gutane studien. I Noreg er 97 prosent av jentene for like rettar, mot 91 prosent av gutane.
Også her varierer resultata innanfor dei nordiske landa. Færøyane skil seg særleg ut: Berre 60 prosent av gutane der meiner at kvinner og menn bør ha like rettar. (©NPK)
Kva meiner du? Legg gjerne att ei melding i kommentarfeltet under!