Vil ha meir konkurranse

Eit flertal av folket seier ja til meir konkurranseutsetjing.
 

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

51 prosent meiner det er rett med meir konkurranseutsetting, medan 39 prosent synst det er gale, syner undersøkinga som Synovate har gjort for Næringslivets Hovedorganisasjon, NHO. 11 prosent har inga meining om spørsmålet.

Drøyt halvparten av dei som er spurde vil òg setje strengare grenser for kva staten skal gjere enn i dag.

– Dette er etter vårt syn ei interessant og oppløftande attmelding. Spesielt gledeleg er det at haldninga til konkurranseutsetjing er jamnt over positiv i hele landet. Støtta er like stor i Nord-Noreg som i Oslo, seier Petter Haas Brubakk, direktør for næringspolitikk i NHO.

Målinga er gjort på tampen av eit år med mykje negativ merksemd ikring private aktørar innan omsorgssektoren spesielt.

Ein tankekross
– Det må reagerast når reglar brytast og feil blir gjord, men det blir feil å bruke slike enkeltsaker som argument mot konkurranseutsetjing i seg sjølv. Når private tenesteytarar bryt avtalebetingelsar kan dei seiast opp, men slik er det ikkje når ein offentlig etat gjer same feil. Det er ein tankekross.

Sjølv om drøyt halvparten av dei spurde opnar for meir konkurranseutsetjing, er ikkje folk klart overtydd om at private alltid leverer betre kvalitet enn det offentlege.  Eit stort fleirtal meiner for eksempel at det offentlige er best til å drive sjukehus.

– Trua på private aktørar er størst når det gjeld barnehagedrift. Det er interessant, ettersom privat barnehagedrift har vorte så vanlig. Så på det området der folk flest har mest erfaring med private aktørar, har dei òg vorte mest positive, seier Brubakk.

Nordmenn meiner generelt at det er greit at det òg er lønnsamt å utføre tenester for det offentlege. Åtte av ti er heilt eller delvis einig i at det må vere lov for private selskap å tene pengar på slike tenester.

Store utfordringar
5. januar arrangerer NHO den store årskonferansen sin, der samspelet mellom privat og offentleg sektor blir eit sentralt tema.

– I Noreg har vi lukkast godt med å ha både eit konkurransedyktig næringsliv og gode velferdstenester, men utfordringane framover er store. Mellom anna vil eldrebølga leggje stort press på ressursane innen helse- og omsorgssektoren, seier John G. Bernander, administrerande direktør i NHO.

På dette området kan private aktørar spele ei nøkkelrolle for å unngå ei ressurskrise, meiner han.

– Dynamikken mellom privat og offentleg sektor er ein bærebjelke i den norske velferdsmodellen. Næringslivet kan i tillegg spele ei nøkkelrolle når det gjeld teknologi- og systemutvikling for å kunne løyse fellesoppgåvene på ein endå smartere måte, seier Bernander.