Solnedgang, soloppgang og det imellom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Månadens artist

To gutar og ein galakse
Bandet M83 bestod opphavleg av Anthony Gonzalez og Nicolas Fromageau. Dei var begge busette i Antibes i Sør-Frankrike, og begynte å spele saman ved tusenårsskiftet, då dei var rundt 20 år. Dei kalla bandet M83, etter spiralgalaksen Messier 83, som ligg 15 millionar lysår unna jorda. Og namnet passar musikken godt. Tekstane fortel gjerne med nostalgisk stemme om barndommen og ungdomstida som er forbi; lydane høyrest ut som dei kjem langt borte frå, ekkoet av ein gitar, ei fjern stemme.

Det første albumet deira heitte også M83, gjeve ut på plateselskapet Gooom i 2001. Dei 14 songtitlane på albumet, lesne etter kvarandre, blir til ei lita historie. M83 fekk ikkje så mykje merksemd, men bandet sitt andre album, Dead Cities, Red Seas & Lost Ghosts (2003), var svært godt likt av kritikarane. Blant anna kom det seinare med på Pitchforks liste over dei 200 beste albuma på 2000-talet.

M83 turnerte verda over med Dead Cities, men då dei kom heim frå turné, hadde Nicolas Fromageau bestemt seg for å slutte i bandet. Han ville starte solokarriere, og M83 vart redusert til eit einmannsband.

Ungdomsnostalgi
I 2005 gav Anthony ut M83s tredje album, Before The Dawn Heals Us. Broren, Yann Gonzalez, var med på å skrive ein del av songane, og albumet fekk gode kritikkar. Dei turnerte hovudsakleg i USA, og begynte året etter å jobbe med M83s fjerde album. Dette fekk namnet Digital Shades Vol. 1 og kom ut i 2007. Albumet var tenkt som det første i ein serie der musikken går meir i retning av sjangeren ambient.

Så kom Saturdays = Youth (2008). Det vart det verkelege gjennombrotet for M83, og var også det første albumet der Anthony samarbeidde med dei musikarane som i dag kan seiast å utgjere bandet. Den karakteristiske stemma til Morgan Kibby kom til – ho var også med på låtskrivinga, saman med Anthony og Yann.

Saturdays = Youth prega 2008, singlane vart utgjevne i løpet av heile året: Couleurs (februar), Graveyard Girl (april), Kim & Jessie (juli) og We Own The Sky (desember). Tekstene dreier seg rundt ungdomstida, gjerne den tidlege – og musikken er tydeleg inspirert av 80-talet, då Anthony sjølv var ung. Han er også inspirert av amerikansk film på same tid – for eksempel ungdomsfilmane til John Hughes.

Noko større
Etter suksessen med femtealbumet turnerte M83 mykje. Dei varma opp for Kings of Leon i Storbritannia, The Killers i USA og Depeche Mode i Sør-Europa, i tillegg til å gjere eigne konsertar for eksempel i Japan. Anthony har seinare sagt at det å halde konsertar med så store band og for så mange folk prega tankane og arbeidet hans med det neste albumet.

Etter å ha laga filmmusikk til Gilles Marchand sin Black Heaven (2010) flytta Anthony frå Antibes til Los Angeles. Her skreiv han musikken til det nye albumet – eit dobbeltalbum som dreier seg om barndom og draumar, korleis vi drøymer annleis når vi er barn, ungdommar og vaksne. Lydbildet er framleis velkjent, men med blant anna strykarar og blåsarar – og ein gjesteopptreden av Zola Jesus. Hurry Up, We're Dreaming (2011) fekk strålande mottaking, og konsertane er utselde månader i forvegen.

Denne teksten stod først på trykk i Norsk Barneblad.

Faktaboks

Les meir på Wikipedia og MySpace!

Musikktips for desember

Björk – Mutual Core
Kate Bush – Wild Man
Dead Man's Bones – Buried In Water
Karen O And The Kids – Worried Shoes
Bill Callahan – Too Many Birds