Mørketidsrapport

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Jula er best på Svalbard

Ettermiddagen 10. desember var det mogleg å få med seg måneformørkinga i Longyearbyen. Ei gruppe ungdom slengte seg på snøskutarane for  å ta bilete av denne spesielle hendinga. Dei fortel litt om korleis det er å bu på Svalbard under mørketida.

Verdas nordlegaste skule
Ragnhild Engan, Emilie Sommervold, Ask Pettersen, Camilla Utsola og Marek Ratajczak er alle elevar ved den vidaregåande skulen i Longyearbyen – også kjend som den nordlegaste skulen i verda! Laurdag ettermiddag nytta dei sjansen til å få tatt vakre fotografi av månen og det spesielle lyset som legg seg over fjella når det er måneformørking. Frå slutten av november til februar ligg mørketida som ei svart natt over Svalbard.  

– Skal du spørja om det er mørkt? For ja, det er det, seier Ask. Han køyrer ein del snøskuter under mørketida.

– Det syns eg er litt skummelt, i alle fall aleine, legg Emilie til.

Ung foto
Ingen tvil om at snøskuteren er eit nyttig transportmiddel for dei buande i Longyearbyen. Dagleg brukar fleire elevar ved den vidaregåande skulen skuter fram og tilbake til skulen. I tillegg til å vere elevar er Ragnhild og Emilie også ein del av ei fotogruppe, kalla ”Ung foto”. Fotogruppa har tidlegare deltatt i ungdomskulturfestivalen UKM. Ragnhild fortel at det elles er ganske lite å finne på. Emilie seier det vert god tid til å sjå film under mørketida.

Ungdommen set både pris på mørketida og sola. Ask likar mørketida av den grunn at det er mørkt. Han fortel også at han søv godt, men dette er dei fleste andre ueinige i. Dei fortel at det er vanskeleg å halde på døgnrytmen.

– Ein kan sova alt frå to til 15 timar, skyt Ask inn.

Camilla legg til at ho set pris på nordljoset, som med klar himmel kan setje farge på den elles så mørke dagen. Ragnhild likar mørketida fordi ho ser ljoset i vindauget til folk – noko ho syns er koselig.

Jol best på Svalbard
Ragnhild har ikkje feira jol på fastlandet sidan ho var to år gamal.  Og sjølv om gjengen med ungdom frå Longyearbyen ser ut til å vere ueinige i mykje, er dei alle fall einige om ein ting – den beste jolestemninga er berre å få på Svalbard.