Kåra til Årets nordmann

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny Tid kåra i dag Årets nordmann på Litteraturhuset i Oslo.

– Takka vera den mangeårige kampen til Granvin-oppvaksne Synnøve Kvamme, har resten av Noreg fått augo opp for kva for konfliktlinjer som skjuler seg bak dei såkalla "monstermastene" i Hardanger. (…) Ho har fått eit heilt land til å egasjera seg for eller mot master, heiter det i grunngjevinga til juryen.

– Det er utruleg kjekt, og ei stor ære. Det har vore ganske uverkeleg i dag, seier ho til Framtida.no. I haust blei ho dømd til å betala 35.000 kroner i bot i samband med aksjonane ho har vore med på. Saka har ho anka til Høgsterett.

– Hovudmålet vårt no er å gå til sivilt søksmål mot Olje- og energidepartementet. Men det er dyrt, fortel ho. I vinter vil ho og resten av Hardangeraksjonen arbeida med organisasjonsbygging, og driv også med å få rettsapparatet til å mellomsbels stoppa mastebygginga.

Utøya-heltar
Mastemotstandar Synnøve Kvamme, som òg er kommentator på Framtida.no, deler prisen med Prableen Kaur og Marcel Gleffe.

Prableen Kaur (18) tala i vår på landsmøtet i Arbeidarpartiet som den første med eit religiøst hovudplass. 22. juli overlevde ho Utøya ved å spela død, og i valet kom ho inn som den yngste nokonsinne i Oslo bystyre.

Marcel Gleffe (32) er ein av heltane frå Utvika Camping, som med eige liv som innsats, bidrog i redningsaksjonen ved Utøya. Gleffe redda 20 liv.