Kommunane kuttar i skulen
Ei undersøking viser at annankvar kommune planlegg å kutte i skolebudsjetta neste år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ser at norske elevar får ein sparepakke til jul, seier leiar Mimi Bjerkestrand i Utdanningsforbundet, den største fagforeininga for lærarar.
I alt 286 av dei hovudtillitsvalde i forbundet har svart på ei undersøking om kommuneøkonomi. Så mange som 58 prosent av dei svarer at budsjettforslaget i kommunen deira legg opp til kutt i 2012, fortel NRK.
Rundt 84 prosent av dei som har sett meir detaljerte kuttplanar, seier at forslaga inneber kutt i lærarårsverk.
– Dette er alvorleg fordi det rammar elevane og tilbodet på skulen. Det rammar spesialundervisning, det blir mindre deling av klassar, og det rammar praktisk undervising, seier Bjerkestrand.
Direktør Sigrun Vågeng i kommuneorganisasjonen KS innrømmer at det blir nedskjeringar i året som kjem, men ho er ikkje like pessimistisk som Bjerkestrand.
– Kommunane seier det blir trongt, men at dei skal klare å levere gode tenester til innbyggjarane. Måten dei løyser det på, vil variere, men det er nok reelt at det ikkje er pengar til å gjere alt, seier Vågeng.
– Vi bad om 800 millionar meir til kommunane for at dei skulle klare å halde oppe dagens tenestetilbod, seier ho og peikar på at statsbudsjettet for 2012 er stramt.