Fann topp tilhøve i Sogn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka kom han for å ta bilete til klesmerket Missing Link sin katalog for 2012. Med seg hadde han mellom anna verdas beste kvinnelege telemarkskøyrar, Sigrid Rykhus, samt nokre av Norges beste frikøyrarar frå Missing Link sitt skiteam, mellom anna Fred Syversen, Dennis Risvoll og Pia Nic Gundersen.

Betre enn Hemsedal
– Me skulle ha vore i Hemsedal heile veka, men der var det heilt elendige tilhøve. Då sa eg at «Me reiser til Sogn. Der garanterer eg at me får gjort jobben», fortel Kinnerød.

Og det fekk dei.

– Me fekk gjort ei vekes jobb på ein dag. Heilt fantastisk! På toppen av Sogn Skisenter fekk me perfekte tilhøve både med lys og nysnø.

Kinnerød rosar folk i Sogn for å vera blide, hjelpsame og fleksible. Folka i Missing Link vart også djupt imponerte, og det er særs truleg at dei kjem på besøk att i næraste framtid, opplyser han.

– Legg til rette for
– Dette syner at jobbinga som vert gjort i Ski Sogn-prosjektet nyttar, seier prosjektleiar Øystein Sagabråten.

Han meier det ikkje er heilt tilfeldig at NRK kjem og lagar reportasje til Dagsrevyen, at Sindre Kinnerød tek med seg heile Missing Link-teamet på fotoshoot, at Sogn er omtala i reportasjar og bilete i nesten kvart einaste nummer av ski- og snowboardmagasinet Fri Flyt, at friflyt.no og skiinfo.no no hiv ut filmar herifrå på nettsidene sine straks dei får dei, og at stadig fleire kjem hit for å ta skibilete eller spela inn skifilmar.

Sjå biletserie!

– Det har vore ein bevisst strategi frå Ski Sogn å bruka marknadsføringsmidlar på å leggja optimalt til rette for nettopp dei som kjem for å laga film og reportasjar, opplyser han i ei pressemelding.

Vintereventyr
Sagabråten håper dette er starten på eit vintereventyr i Sogn.

– No ser me at med auka merksemd, kjem meir merksemd. Skifolk over heile landet byrjar å få augo opp for kor bra det er her inne, og dei byrjar så smått å koma sigande frå alle kantar. Vi håpar skisentra no kan byrja å tene pengar så dei kan halda fram produktutviklinga, og at aktivitets- og overnattingsverksemdene kan oppretthalda heilårsdrift. Det hadde vore kjekt om snøballen no for alvor har byrja å rulla, og at det berre er starten på eit lite vintereventyr i Sogn me ser no.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Sjå film av Torgeir S. Henjum frå 4. desember: