Trur på Romney

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ken Mehlman vil likevel ikkje garantere dette, og seier oppgjeret med Obama i sjølve presidentvalet er heilt ope. Det sa han i det Civita-arrangerte frukostmøtet i Oslo sentrum i dag.

Ken Mehlman, som har vore leiar av det republikanske partiet, gjekk på Harvard i klasse med Obama, og åtvara han tidleg mot å freiste å nå fram i politikken på presidentnivå når venen ba om råd. Han presiserer difor at han ikkje er noko orakel når det gjeld presidentval, trass i all erfaringa.

– Romney vil sannsynlegvis gå sigrande ut sidan han er den av kandidatane som har vore med i presidentval før, og tidlegare sigrande kandidatar har ofte vore folk som har delteke i tidlegare presidentval og fått erfaring og vorte kjend for republikanske veljarar slik.

Richard Nixon, som var kandidat i 1960 før han vann i 1968, og Ronald Reagan, som var kandidat i 1976 før han vann i 1980, er gode eksempel på dette. Romney var med i presidentvalet i 2008.

Andre kandidatar
Newt Gingrich blir og nemnd som mogleg vinnar, etter strålande målingar dei siste vekene, og Ron Paul og Jon Huntsman. Huntsman har stort sett har målingar godt under 10 prosent. Difor er han heilt avhengig av eit godt resultat i New Hampshire, den første staten med republikansk primærval, for å kunne ha sjansar vidare. Paul har sterkare og meir stabil støtte, men ser ikkje ut til å kunne nå meir enn 20 prosent av veljarane i nokon stat.

Det som elles kan gå imot Romney er manglande støtte frå den meir radikale delen av partiet, den såkalla Tea Party-rørsla. Desse ser ut til å føretrekke meir offensive og konfliktorienterte kandidatar, og trass i at dei ikkje har samla seg om ein einskild kandidat, ser det ikkje ut til at dei vil støtte Romney, som er rekna som ein pragmatisk sentrumspolitikar.

For Mehlman er sosial mobilitet det som er viktig å trygge for det amerikanske samfunnet, uansett kven som blir vald som president. Han er elles særs positiv når det gjeld framtida, han trur politikarane vil lage gode kompromiss som vil leie landet framover.

Trur du Romney vil sigra? Legg att kommentar under!

Faktaboks

Ken Mehlman, fødd 21. august 1966, er ein amerikansk advokat, forretningsmann og politisk figur som jobba som leiar av attvalskampanja til George W.Bush i 2004 og formann for Republican National Committee frå 2005 til 2007.

Han jobbar no for Kohlberg, Kravis, Roberts & Co der han tek hand om globale eksterne aktiviteter som marknadsføring, offentleg politick og kommunikasjon.

I august 2010 sto han fram som homoseksuell, noko som gjer han til ein av dei aller mest framtredande opne homoseksuelle personane i the republikanske partiet.