– Foreldre veit for lite om dataspel
Oppsiktsvekkjande få foreldre kjenner til alders- og innhaldsmerkinga på dataspel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ei undersøking frå Medietilsynet.
Heile 70 prosent av foreldre med barn mellom fem og atten år kjenner ikkje til merking. Kunnskapen er minst hos mødrene. Så mange som 80 prosent av dei kjenner ikkje til alders- og innhaldsmerkinga på dataspel, fortel Medietilsynet.
– Å ta bevisste val og setja grenser er utfordrande for alle foreldre, men det verkar som om dataspel er ekstra utfordrande. 18-årsspel er heilt klart ikkje laga for barn, seier rådgjevar Rita A. Bruddalen-Adriansen i tilsynet
Ho oppmodar foreldra til å hjelpa kvarandre ved å snakka saman.
– Å verna barn er foreldra sitt ansvar. Dei må våga å ta desse avgjerdene sjølv om dei blir mindre populære for tolvåringen, seier Rita A. Brudalen-Adriansen. (©NPK)
Bør foreldre følgja meir med på kva borna deira spelar?